Hopp til innhold

Har du lyst å vera lærling hjå oss?

Arbeidsgiver

Hjelmeland kommune Administrasjon

Sted

Vågaveien 116, 4130 Hjelmeland

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærling 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hjelmeland kommune har frå hausten 2026 ledige plassar for nye lærlingar innan følgjande retningar:

- Helsearbeidarfaget
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget 
- Institusjonskokkfaget
- Byggdriftarfaget

Me ønskjer at  
du som har avslutta VK1 eller VK2 i eit av faga over i år, og er interessert i ein læreplass i Hjelmeland kommune, søkjer. Hjelmeland kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no

Anna
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med tilknyting til Hjelmeland og som er rettigheitselevar vert prioriterte. Det vert lagt vekt på; orden, fråvær, motivasjon, personlege eigenskapar, samt karakterar. Husk å leggja ved kopi av vitnemål/terminkarakter frå VK1, VK2 og kopi av eventuelle attester frå andre.

Du må ha bestått språkopplæring på nivå B2, og det er ein fordel med førarkort.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktene som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7f71f5ce-3311-4f89-aa5c-75824cc2a4a9

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3548417_199697_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Safe24 Da

Sted

Hovdebygda, Kristiansand, Hareid, Herøy (Møre og Romsdal), Molde, Ulstein, Volda, Møre og Romsdal, Ørsta, Oslo, Stavanger, Trondheim, Bergen, Stad, Stryn, Vestland

Superrask søknad