Hopp til innhold

Fagarbeidar - 80 % vikariat

Arbeidsgiver

Stokke og Vik skole

Sted

Årsetvegen 5, 6057 Ellingsøy

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Oppstart
3. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Stokke og Vik skole ligg på Ellingsøy og har to avdelingar med om lag 4 km avstand. Skolen ligg flott til med gode uteområde som er tilrettelagde for praktiske aktivitetar både i friminutt og i undervisning. 1.–4. trinn og SFO held til på avdeling Stokke, medan 5.–7. trinn held til på avdeling Vik.

Frå 1. august 2026 har vi ledig eit årsvikariat som fagarbeidar i 80 % stilling i skule og SFO. Det kan bli mogleg å forlenge vikariatet.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å følgje opp elev/elevar i skule og SFO gjennom varierte aktivitetar, både ute og inne, gje omsorg og vere ein trygg og tydeleg vaksen. Stillinga inneber arbeid med elevar både individuelt og i grupper, samt planlegging, organisering og gjennomføring av opplæring og aktivitetar.
Du vil vere med på å bidra til eit trygt og godt læringsmiljø for elevar med behov for støtte og tilrettelegging. Kunnskap om og erfaring med ASK (alternativ og supplerande kommunikasjon) er ønskjeleg. Stillinga inneber tett oppfølging av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Arbeidsoppgåver

Oppfølging og tilrettelegging
  • Følgje opp elevar med behov for særskilt tilrettelegging
  • Støtte elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • Bruke og vere med å utvikle kommunikasjonshjelpemiddel (t.d. symbol, kommunikasjonsbøker og digitale verktøy)
  • Arbeide etter struktur og metodar som skaper føreseielegheit (t.d. visuell støtte og tydelege rutinar)
Planlegging og samarbeid
  • Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak og aktivitetar
  • Bidra i arbeid med mål og tiltak i samarbeid med lærar og spesialpedagog
  • Samarbeide tett med lærarar, spesialpedagogar, SFO-tilsette og leiing
Profesjonsfellesskap
  • Delta aktivt i møte og fagleg samarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid og delingskultur på arbeidsplassen
  • Halde seg fagleg oppdatert og bidra med eigen kompetanse
  • Andre oppgåver knytt til skule og SFO kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som fagarbeidar er ønskjeleg, men søkarar med relevant erfaring og realkompetanse kan bli vurdert. Assistent kan vurderes dersom søker har relevant erfaring. 
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge, til dømes frå skule, SFO eller barnehage
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Ønskjelege kvalifikasjonar
  • Erfaring med arbeid med barn og unge med samansette behov
  • Kompetanse i eller erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • Erfaring med bruk av kommunikasjonshjelpemiddel (t.d. symbol, kommunikasjonsbøker eller digitale verktøy som Grid, PODD, Rolltalk eller liknande)
  • Kjennskap til strukturert arbeid og bruk av visuell støtte i kvardagen
  • Interesse for å utvikle kompetanse innan ASK

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, varm og tydeleg vaksen som skapar gode relasjonar til elevar
  • Du har tolmod og evne til å stå i krevjande situasjonar over tid
  • Du arbeider strukturert og føreseieleg, og bidreg til ein stabil kvardag for elevane
  • Du er fleksibel og løysingsorientert, og kan handtere ein variert arbeidsdag
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i team
  • Du kan arbeide sjølvstendig, tek initiativ og ansvar for eigne oppgåver
  • Du er open for rettleiing og ønskjer å utvikle eigen kompetanse
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og har eit inkluderande og positivt menneskesyn
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein interessant og givande arbeidskvardag med varierte oppgåver
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til forlenging av vikariat 
  • Løn i samsvar med tariff og kommunen sin lønsplan

Kontaktinformasjon

Stine Merethe Håland, Rektor , 955 50 489, stine.merethe.haland@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Årsetvegen 5
6057 Ellingsøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5097906192
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Stine Merethe Håland

Rektor

955 50 489

stine.merethe.haland@alesund.kommune.no

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7f4aa959-03e2-46e0-99b2-e4eab9e301b6

Sist endret

20. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0947248fb3fd46d0ae9ae89c5e43cf1f

Lignende annonser

Laster lignende annonser