Hjønnevåg veks- er DU den vi ser etter?
Brødrene Hjønnevåg AS
Børnes 20, 5463 Uskedalen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Produksjonsarbeidar/maskinoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. mai
Du kan då bli ein del av vår tradisjonsrike produksjonsbedrift i Uskedalen, Kvinnherad. Vår visjon er å vera den beste leverandøren av røykevarer og fiskemat på Vestlandet!
Vi har eit godt arbeidsmiljø og jobbar kvar dag hardt med kvalitet, berekraft, likestilling, helse, miljø og sikkerheit. Hos oss får du bare kjekke kollegaer i eit unikt produksjonsmiljø. Du vil få god opplæring og konkurransedyktige vilkår. Du kan også få moglegheit til å ta fagbrev.
Kvalifikasjonar
-
Erfaring frå matproduksjon er ein fordel, men vi vurderer også kandidatar med annan relevant erfaring
-
Du må gjerne ha fagbrev, men all relevant erfaring og kompetanse for produksjon blir vurdert
-
For å sikre effektiv kommunikasjon, er det nødvendig med gode kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk
-
Vi set pris på tilsette som har ei open og fleksibel tilnærming til jobben, og noko kveld- og helgearbeid (vaktordning) må påreknast
-
Stillinga krev evne til å håndtere tunge løft og utføre rutinearbeid
-
Du er strukturert, sjølvstendig, løysningsorientert og god på å prioritere og å håndtere fleire arbeidsoppgåver samtidig
-
Du har godt humør, er punktleg, ryddig og nysgjerrig, likar å utvikle deg og lære nye ting, samt har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Eit ekstra pluss er om du har teknisk kompetanse, truckførarbevis og bilsertifikat (klasse B)
Om Brødrene Hjønnevåg AS
Vi i Hjønnevåg jobbar kvar dag for å gje kundane våre livsglad mat frå Havet! Vi vektlegg kvalitet i alle ledd. Fleire av våre produkt er kåra til Norges beste i NM i sjømat. I vårt rikhaldige produktspekter finn du blant anna røykt makrell, krydderlaks, fiskepudding og fiskekaker av ulike variantar. Fiskematen blir laga på tradisjonsrike reseptar med fersk norsk fisk. Frå vår lokasjon i Uskedalensom ligg i vakre Kvinnherad-kommune, hentar vi inn dei beste råvarene frå heile landet til vår produksjon. Vi foredlar våre produkt på tradisjonelt vis. Til dette har vi gode og stabile fagarbeidarar som står på i ulike fagfelt.
Hjønnevåg ønsker å videreutvikle bedrifta på ein berekraftig måte i samspel med naturen og lokalsamfunnet. Vi jobbar med å redusere klimaavtrykket. Dette skjer gjennom stadig å forbedre produksjonsmetodar samt valg av råvarer, emballasje og logistikkløsningar.
Hjønnevåg har alltid hatt som målsetning å være blant dei mest innovative leverandørane i bransjen, derfor følgjer vi nøye med på alt som skjer i inn- og utland. Ein helt klar trend er auken innan lokalprodusert mat og drikke, og vi har vært heldige å få levere gode sjømatprodukter i dette segmentet i mange år.
For meir informasjon, søknad eller spørsmål, kontakt Marit: marit@hjoennevaag.com, telefon 41613870, www.hjoennevaag.com
Høyres dette ut som noko for deg? Send oss ein kortfatta søknad med oppdatert CV.
Søknadsfrist: 5. mai.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Bli ein del av laget vårt. I så fall kan vi utvikle oss saman!
Om bedriften
Hjønnevåg har sidan 1948 produsert sunn og god sjømat av beste kvalitet, med reine råvarer og etter tradisjonsrike oppskrifter!
Sektor
Privat
Nettsted