ID 1952 Jordmor - Førebyggjande tenester
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Jordmor
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Førebyggande tenester, avdeling for førebyggande helse har ansvar for svangerskapsomsorga, helsestasjon, skulehelseteneste, smittevern, helsestasjon for ungdom og helsetenester ved mottaka. Me har helsesjukepleiarar, jordmødre, sjukepleiarar, fysioteraeput og ergoterapeut tenester.
Me søkjer etter:
Jordmor i prosjektstilling 50% 01.02.2023 -- 31.12.2023Det kan vera aktuelt med forlenging ved innvilga prosjekttilskot frå helsedirektoratet
Me treng fagperson med:
Vidare ynskjer me deg som:
- Har høg arbeidskapasitet, godt humør og bidreg inn i eit fagmiljø som me ynskjer å bygga opp når det gjeld kvinnehelse.
- Er engasjert og personleg eigna
- Systematisk, strukturert og sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevne og likar å arbeida saman med andre fagpersonar
- Interesse for og engasjement i høve til utviklingsarbeid i tenesta
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Påliteleg
- Har førarkort kl. B
Me kan tilby:
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
- Høgt faglig nivå
- Etablert tverrfagleg samarbeid
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Birthe Blokhus tlf. 92064415
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2208135
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7f3a51b1-61ee-4414-8513-73a356309f7f