Eigedomsrådgjevar
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Eigedomsrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 25. august
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAEigedomsrådgjevar
Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen har ein av dei mest mangfaldige og spennande eigedomsporteføljane i byen – og no treng vi deg! Vi søkjer ein engasjert og strukturert eigedomsrådgjevar til fast stilling i Eigedomsavdelinga.
Som eigedomsrådgjevar får du ansvar for ei variert portefølje av bygg – frå historiske byvillaer og kontoriserte bygardar til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg. Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å sikre gode og framtidsretta lærings- og forskingsmiljø for studentar og tilsette.
Prosjektseksjonen har ansvar for arealforvaltning i tillegg til det administrative ansvaret for for planlegging og gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og vedlikehaldsprosjekt, miljø og interiør. Seksjonen omfattar i dag 21 stillingar, deriblant fire stillingar i eining for strategisk eigedom- og arealstyring (arealgruppa).
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for tildelt eigedomsportefølje
- Fast kontaktpunkt for langsiktig oppfølging av brukarmiljøa sine arealbehov i porteføljen
- Utarbeide analyser og utredningar om areal, kostnader, klimarisiko og utviklings-scenario som grunnlag for heilskapleg styring og utvikling av UiB sine areal, eigedomar og campusområder
- Arbeide for kostnadseffektiv forvaltning av eigedomane
- Arealoptimalisering
- Oversikt og oppfølging av inn- og utleigekontraktar
Stillinga rapporterer til leiar for strategisk eigedoms- og arealstyring.
Kvalifikasjonar:
- Utdanning tilsvarande masternivå innan eigedomsfag, juridiske fag, ingeniørfag, samfunnsvitskap eller økonomi. Realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
- God økonomiforståing
- Gode evner til kommunikasjon, og å kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
- Kontraktarbeid ogporteføljestyring
- Offentleg regelverk og utgreiingsarbeid
- Kjøp og sal av næringseigedom
Vi ser etter ein person med:
- Serviceinnstilling og som er god på kundehandtering
- Evne til å vere systematisk og til å sjå oppgåver i ein større samanheng
- Evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- God gjennomførings- og beslutningsevne
- Lyst og evne til å utvikle seg gjennom varierte oppdrag og blikk for digitale løysingar som ei moglegheit
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) løn kr 730 000 – 870 000, avhengig av kvalifikasjonar og bakgrunn i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: leier av gruppe for strategi- og arealstyring, Bjørn Tore Lavik, mobil 980 22 007, e-post: bjorn.lavik@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppfordrar kvinner til å søkje.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Eigedomsavdelinga sitt oppdrag er å levere gode bygg og bidra til UiB når sine mål. Vi har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2. Avdelinga har omlag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab og Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit årleg budsjett til drift og investering på omlag 950 mill., større satsingar kjem i tillegg. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7f38bc60-7379-41f6-be1c-df1b0d9df114
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10257586