Prosjektleiar/rådgjevar
Kvinnherad Næringsservice
5460 Husnes
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar/rådgjevar
Type ansettelse
Annet, deltid
Antall stillinger
1
Kvinnherad treng deg!
Spanande prosjektleiarjobb er ledig. Blir den din?
Kvinnherad Næringsservice jobbar grundig, entusiastisk og målretta med utvikling av både samfunn, bransjar og verksemder i naturskjønne Kvinnherad kommune. Me går ei særs travel og spanande tid i møte, og ynskjer difor eit engasjert, fagleg dyktig, fleksibelt og kreativt menneske med på laget. I denne nyoppretta stillinga får du ei heilt sentral rolle i å skape verdiar og resultat for medlemmane våre, og med gode moglegheiter til forme din eigen arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåver:- Desentralisert utdanning: saman skal me syte for at ingen treng å bu i byen for å tileigne seg naudsynt kompetanse på universitets- eller høgskulenivå.
- Innsal og rådgjeving: Innsal og rådgjevingstenester til medlemsbedriftene våre er knytt til utfordringar og moglegheiter dei til ein kvar tid står ovanfor
- Arrangement: Planlegging og gjennomføring av samlingar, kurs og kompetansehevande tiltak, konferansar og sosiale tilstellingar
- Prosjekt: Mange! Og det er du, i samarbeid med oss andre, som skal finne ut korleis me best kan skape verdiar gjennom identifisering, planlegging og gjennomføring av desse
Kven er så du? Me veit ikkje heilt enda, men gler oss til å verta betre kjend. Me har naturlegvis gjort oss opp nokre tankar. Me er oppteken av kva du allereie kan, men kva du vil læra både deg sjølv og andre undervegs i tida som kjem, er minst like viktig. Me reknar med at du har utdanning på bachelor- eller masternivå, sjølv om lang og relevant yrkeserfaring kan kompensera for dette. Du har dessutan truleg prosjektleiarerfaring, med dokumenterte resultat.
Som menneske er du lærings- og endringsorientert, tilpassingsdyktig, initiativrik og optimistisk. Du trivest med å ha mange ballar i lufta, og jobbar godt både sjølvstendig men også i team. Du brenn for distriktsutvikling, og drøymer om det herlege livet på landet eit stykka unna storbyen.
Bakgrunn for prosjektstillinga
Kvinnherad Næringsservice, Hardanger og Voss Næringshage, og Næringshagen i Ullensvang er i ferd med å etablera eit heilt nytt tilbod for næringslivet i Kvinnherad. Til saman er me nærare 20 tilsette, med høg kompetanse og allsidig bakgrunn innan rådgjeving og næringsutvikling.
To prosjekt står sentralt:
Få på plass eit varig tilbod for desentralisert utdanning i regionen vår, samt sikre alle verksemder i Kvinnherad tilgang til næringshageprogrammet.
Dette er ei prosjektstilling med varigheit ut 2023, men vert truleg forlenga for rett kandidat.
For meir informasjon og spørsmål:
Michael Knüsel: mobil 40723127 mail: michael@hardangervoss.no
Frode Hetlevik: mobil 90760787 mail: frode@naeringsservice.no
Om bedriften
Sektor
Offentlig