Ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver ved Konfliktrådet i Sør-Vest, kontorstad Stavanger
Konfliktrådet
4010 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Ungdomskoordinator med rådgiveroppgaver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. august
Konfliktrådet er ein trygg møteplass for menneske som står på kvar si side av eit lovbrot, ei uønskt hending eller ein konflikt. Konfliktrådet forvaltar straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd, og har eit særleg ansvar for unge i konflikt med lova. Konfliktrådet er ein del av strafferettspleia og er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Sekretariatet for konfliktråda har det faglege og administrative ansvaret for dei 12 konfliktråda i landet. For meir informasjon om konfliktråda og tenestene våre, sjå www.konfliktraadet.no.
Konfliktrådet Sør-Vest har 12 stillingsheimlar, 37 oppnemnde konfliktrådsmeklarar og har kontorstader i Haugesund og Stavanger. Kontoret har ungdomskoordinatorar med hovudansvar for straffegjennomføring i ungdomssaker og rådgivarar med hovudansvar for meklingssaker. Vi er eit felles kollegium som samarbeider, avlastar kvarandre og delar erfaringar og fagkunnskap.
Ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver ved Konfliktrådet i Sør-Vest, kontorstad Stavanger
Om stillinga:
Kvalitet, nytenking og tru på mennesket – kjenner du deg igjen i verdiane våre? Vil du vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag som har stor betydning for livet til enkeltmenneske? Konfliktrådet med kontorstad Stavanger søkjer no etter ein ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver. Her får du høve til å vere med og utgjere ein forskjell for menneske i konflikt og skape positiv endring for ungdom som har begått kriminalitet.
Stillinga som ungdomskoordinator er ei lovregulert rolle med ansvar for gjennomføring av dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, se konfliktrådsloven kap. IV.
Som ungdomskoordinator skal du setje saman og leie eit oppfølgingsteam rundt ungdommen og utarbeide ein ungdomsplan med tiltak som ungdommen forpliktar seg til å følgje. Dette arbeidet skjer i tett samarbeid med ungdommen, ungdommen sin verje, privat nettverk og offentlege instansar som politi, barnevern, skule, kriminalomsorg og helsetenester. Du må meistre og trivast med å arbeide i skjeringspunktet mellom straff og hjelp.
Som ungdomskoordinator har du vidare ansvar for å leie lokale koordineringsgrupper som bistår påtalemakta i vurderinga av om ungdomsreaksjon er eigna for den enkelte ungdommen. Gjenopprettande prosess er eit viktig element i straffereaksjonane, og du skal bidra til at det vert arbeidd gjenopprettande gjennom heile straffegjennomføringa.
Du vil som ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver bidra til konfliktrådet sine øvrige oppgåver gjennom saksbehandling av meklingssaker, fagleg oppfølging av meklarar og rettleiing i bruk av gjenopprettande prosess. Stillinga inneber også å svare på brukarhenvendingar, drive utadretta verksemd, bidra til fagutvikling og delta i planlegging og gjennomføring av arrangement.
Kvalifikasjonar:
Du må ha:
Det er ein fordel om du i tillegg har erfaring med:
Personlege eigenskapar
Personleg eignaheit vil bli særleg vektlagd.
Stillinga krev at det vert lagt fram utvida politiattest.
Vi tilbyr:
Generelt:
Kontorstad er Stavanger, men stillinga inneber oppgåver i heile Konfliktrådet i Sør-Vest sitt ansvarsområde. Du må rekne med noko reiseverksemd, og det er ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeid utanfor ordinær kontortid vil kunne førekome, då enkelte møte vert gjennomførte på ettermiddag og kveld.
Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkarar med nedsett funksjonsevne, overtalsattest i staten eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga, vert oppmoda til å søkje.
Alle søkjarar må laste opp relevante vitnemål og attestar i portalen. Vurderinga av søknaden blir basert på den informasjonen som ligg føre ved søknadsfristen sitt utløp. Det er derfor viktig at du tydeleg viser korleis kompetansen din oppfyller krava som er sette.
Søkjarar blir bedne om å merke seg at førstegongsintervju (gruppeintervju) blir gjennomført 20. august.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte konfliktrådsleiar Kirsten Borsheim på telefon 915 66 509.
Søknadsfrist: 9. august 2026.

- fullført utdanning på bachelornivå
- minimum to års relevant arbeidserfaring med brukargruppa, enten det er erfaring frå arbeid med ungdom på institusjon, sosialt arbeid, kriminalitetsførebygging eller straffegjennomføring
- kompetanse og erfaring med å bidra til positiv utvikling hos ungdom i utfordrande og samansette livssituasjonar
- førarkort
Det er ein fordel om du i tillegg har erfaring med:
- å formidle informasjon og holde presentasjoner
- å lede team
- arbeid i offentleg forvaltning, særleg saksbehandling og brukerkontakt
- rettleiing, tverrfagleg samarbeid og relasjonsbygging med eksterne aktørar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter ein kollega som samarbeider godt med andre, deler kunnskap og erfaringar, og støttar andre for å nå felles mål. Du har evne til å motivere for endring. Du tek ansvar, kan handle på eige initiativ, er etterretteleg, og får ting til å skje. Dette krev evne og vilje til å veksle mellom mange ulike oppgåver i kvardagen.
- Du har evne til å setje deg inn i og forstå både dei formelle og uformelle strukturane i organisasjonen, og samarbeider godt på tvers av alle nivå.
- Du ønskjer å utvikle deg og deler kunnskapen din med kollegaene dine. Er du i tillegg god til å planleggje og prioritere og får jobben gjort, vil vi gjerne ha deg med på laget.
Personleg eignaheit vil bli særleg vektlagd.
Stillinga krev at det vert lagt fram utvida politiattest.
Vi tilbyr:
- Betydelig innsikt i regionen og ei brei kontaktflate
- Moglegheit til å gjere ein forskjell og utføre eit arbeid som har stor betydning for samfunnet – vi bidreg til å skape positiv endring
- Løn som rådgivar i stillingskode 1434, i lønsspennet kr 620 000 – 700 000, avhengig av kvalifikasjonar
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Høve til trening i arbeidstida
Generelt:
Kontorstad er Stavanger, men stillinga inneber oppgåver i heile Konfliktrådet i Sør-Vest sitt ansvarsområde. Du må rekne med noko reiseverksemd, og det er ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeid utanfor ordinær kontortid vil kunne førekome, då enkelte møte vert gjennomførte på ettermiddag og kveld.
Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkarar med nedsett funksjonsevne, overtalsattest i staten eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga, vert oppmoda til å søkje.
Alle søkjarar må laste opp relevante vitnemål og attestar i portalen. Vurderinga av søknaden blir basert på den informasjonen som ligg føre ved søknadsfristen sitt utløp. Det er derfor viktig at du tydeleg viser korleis kompetansen din oppfyller krava som er sette.
Søkjarar blir bedne om å merke seg at førstegongsintervju (gruppeintervju) blir gjennomført 20. august.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte konfliktrådsleiar Kirsten Borsheim på telefon 915 66 509.
Søknadsfrist: 9. august 2026.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7f0a5dd8-6c91-4b1d-b87e-17b6117c614b
- Sist endret
15. juni 2026
- Hentet fra
sap
- Referanse
1297