Økonomisjef
Luster kommune Luster kommune
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Luster kommune søkjer ein erfaren og framtidsretta økonomisjef som ønskjer å ta ei sentral rolle i den vidare utviklinga av kommunen. Vår noverande økonomisjef har gått over i anna stilling, og me ser no etter ein ny leiar med høg fagleg integritet og god forståing for samanhengen mellom økonomisk styring, tenesteutvikling og kommunen sitt samfunnsoppdrag.
Som økonomisjef vil du få ei sentral leiarrolle i kommunen. Du rapporterer til kommunedirektøren og inngår i den strategiske leiargruppa. Stillinga gir eit breitt handlingsrom til å påverke kommunen si økonomiske styring i ei tid prega av omstilling, auka krav til effektiv ressursbruk og kontinuerleg utviklingsarbeid.
ArbeidsoppgåverSom økonomisjef vil du ha overordna ansvar for kommunen si økonomistyring og vere ein sentral fagleg og strategisk rådgjevar for administrativ og politisk leiing. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Overordna ansvar for økonomistyring, rekneskap og årsmelding
- Strategisk økonomiplanlegging, analyse og langsiktig utviklingsarbeid
- Utarbeiding av årleg budsjett og økonomiplan i samarbeid med kommunedirektør og leiargruppe
- Sikre god samanheng mellom økonomiske prioriteringar, politiske vedtak og vedtekne planar
- Leiing og vidareutvikling av økonomiavdelinga
- Pådrivar for vidareutvikling av digitale løysingar og effektive arbeidsprosessar
- Fagleg rådgjeving og støtte til leiarar i organisasjonen
- Vidareutvikling av rutinar, system og rapporteringsløysingar innan økonomiområdet
- Saksførebuing og presentasjon av økonomisaker for politiske organ
- Forvaltning av fond, lån og gjeld
- Overordna ansvar for innkjøp og offentlege anskaffingar
Me søkjer ein kandidat med solid fagkompetanse og relevant erfaring:
- Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller administrasjon
(minimum bachelorgrad – mastergrad er ein fordel) - Erfaring med økonomistyring, gjerne frå offentleg sektor
- Leiarerfaring og dokumentert evne til å utvikle medarbeidarar og fagmiljø
- God systemforståing og erfaring med økonomisystem
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- God forståing for offentleg forvaltning og politiske avgjerdsprosessar
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Me ser etter deg som er:
- Strategisk og analytisk, med god heilskapleg forståing
- Strukturert, sjølvstendig og trygg i leiarrolla
- Ansvarsbevisst og tydeleg i faglege vurderingar
- Relasjonssterk og profesjonell i møte med medarbeidarar, leiarar og politisk nivå
- Samarbeidsorientert og løysingsorientert
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7eddd94c-4311-4aea-8a7e-f43096b79d15
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3575653_219705_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Luster kommune Forvaltning og utvikling
Sted
Gaupne
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Sogndal, Haugesund, Stord
Arbeidsgiver
Luster kommune Solvorn oppvekstsenter
Sted
Solvorn