Assisterande avdelingsdirektør
Nav Bergen sentrum (regionkontor Bergen)
Møllendalsveien 6, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Assisterende avdelingsdirektør Nav Bergen sentrum
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. september
Vil du vere med å lede et av landets største Nav-kontor?
Nav Bergen Sentrum søkjer ein engasjert og utviklingsorientert assisterande leiar som ønskjer å gjere ein skilnad for både innbyggjarar og medarbeidarar. Hos oss får du moglegheita til å bidra til leiing og utvikling av eit av landet sine største Nav-kontor, med eit viktig samfunnsoppdrag og eit sterkt fagleg fellesskap.
Som leiar i Nav skal du utøve tillitsbasert leiing med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Du byggjer tillit gjennom å sjå og utvikle potensialet hos medarbeidarane dine. Gode relasjonsevner og evne til å skape eit inkluderande og godt arbeidsmiljø er difor sentrale eigenskapar i denne rolla.
Nav Bergen Sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Kontoret har ein todelt leiarmodell med ein statleg og ein kommunal leiar, og har over 300 tilsette fordelt mellom stat og kommune.
Som assisterande leiar for statleg linje ved Nav Bergen Sentrum blir du ein sentral del av kontorleiinga og får ansvar for drift og utvikling av tenestene ved kontoret, i tett samarbeid med kommunal leiar. Du får personalansvar for fire dyktige avdelingsleiarar, samt stabstilsette. Som assisterande leiar blir du og ein del av regionen si leiargruppe.
Kva går jobben ut på?
- sikre effektiv drift og utvikling av tenestene ved Nav Bergen sentrum
- skape og utvikle gode resultat i samsvar med mål, budsjett, planar og overordna føringar
- legge til rette for utvikling av medarbeidarar og arbeidsmiljø
- arbeide med forbetring av tenestene, endring og omstilling
- ha tett samhandling med kommunal leiar og anna leiing i region Bergen
- ha aktiv kontakt med næringsliv og andre eksterne samarbeidspartnarar
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- solid leiarerfaring med personalansvar
- erfaring med å skape gode resultat innan tenesteleveranse og arbeidsmiljø
- erfaring frå endring og omstillingsprosessar
- gode munnlege og skriftlege evner på norsk
- forståing for leiing i staten og kjenne samfunnsoppdraget til Nav godt
- erfaring frå leiing i offentleg verksemd
- kjennskap til Nav sine tenester
- erfaring med strukturert forbetringsarbeid og Lean-metodikk
Kva ser vi etter hos deg?
- har evne til å byggje tillit, skape gode relasjonar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har evne til å motivere, inkludere og spele på lag med erfarne og kunnskapsrike medarbeidarar
- er tydeleg, strukturert og resultatorientert
- er løysingsdyktig og har god gjennomføringsevne
- har godt humør og bidreg til eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø
Kvifor velje oss?
- hos oss får du jobbe med spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde
- du får leie aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
- du får delta i strategisk utviklingsarbeid i regionen
- gode høve til fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid
- statleg tilsetting som avdelingsdirektør i kode 1060 i lønsspenn frå kr 860 000 til 930 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Mette Johnsen Bentdal, Regionleiar/Avdelingsdirektør, 41184104Arbeidssted
Møllendalsveien 65009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5152994689
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Mette Johnsen Bentdal
Regionleiar/Avdelingsdirektør
41184104
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7ed88196-a022-4f5f-827d-93e0e0d2b9b5
- Sist endret
18. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
53a8a3aa007a456593c818a99d9fd1bd