Hopp til innhold

Innsatsleiar

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Innsatsleiar vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Om stillinga

Vi har ledig eit årsvikariat som innsatsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved seksjon for vakt og beredskap i Ålesund. 

Som innsatsleiar er du politiet sin øvste leiar på taktisk nivå og leier politiet sin innsats på eller ved staden der politiinnsats er nødvendig. Innsatsleiar skal koordinere innsatsen på staden mellom politiet og andre nødetatar (brann/helse), samt andre eksterne samarbeidspartnarar når dei opptrer saman i same oppdrag. 

Innsatsleiar jobbar tredelt skift, på turnusliste. Vi søkjer deg med gode leiareigenskapar som har evne å sjå moglegheiter og ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk arbeidskvardag og som skapar resultat i samhandling med andre.

Vi oppmodar kvinner til å søkje på stillinga.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som evner å motivere og å leie oppdrag gjennom å vere ein god rollemodell. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum og medarbeidarane, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • vareta politidistriktet sitt behov for innsatsleiing
  • koordinere, styre og leie alle ressursar i innsatsområdet, også øvrige etatar og eksterne samvirkeaktørar
  • kvalitetssikre tjenesteutføringa i innsatsområdet, under dette politiarbeid på staden
  • planleggje og leie innsatsen i planlagde aksjonar og operasjonar, eksempelvis statsbesøk og offisielle besøk, medrekna kortesjetjeneste ved VIP-besøk
  • vere oppdatert på relevante rutinar, instruksar og planverk (PBS-III), og delta i å utarbeide, gjennomføre og evaluere operativt planverk og øvingar
  • rådgi andre samarbeidspartnarar
  • kontakt med media i samband med operative hendingar
  • bistå avsnittsleiar med dagleg drift, leiing og utvikling av seksjonen
  • vere med og utvikle ein kultur for åpenheit gjennom god leiing og aktivt medarbeiderskap
  • sørgje for å kvalitetssikre at HMS–arbeid blir varetatt før, under og etter oppdrag, jfr. HMS-regelverket i politidistriktet
  • planleggje og gjennomføre defuse/debrief etter alvorlege hendingar i samsvar med PBS I
  • andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • vitnemål fra Politiskolen/Politihøgskolen
  • relevant og brei erfaring frå operativ tjeneste i politiet
  • IP4-godkjenning eller kunne få slik godkjenning
  • godkjent som utrykningssjåfør eller kunne få slik godkjenning
  • god munnleg og skriftleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • god IKT-kompetanse og kjennskap til relevante IKT-verktøy i politiet
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
  • må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELIG

Det er også ønskjeleg med

  • gjennomført innsatsleiarstudium eller erfaring innan innsatsleiing (fordel)
  • gjennomført hospitering U06
  • anna utdanning/kurs innan operativ leiing i politiet
  • gode kunnskapar om politidistriktet sitt plan- og instruksverk
  • god forståing for samfunnsoppdraget, kunnskapsstyrt politiarbeid, politiarbeid på staden og operative etterforskingstrinn

Personlege eigenskapar

For å trivast godt og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du

  • er fleksibel og initiativrik
  • evne til å motivere og leie andre
  • kan jobbe godt saman med andre på tvers av fagområde for å nå politiet sine mål
  • er ansvarsfull og strukturert
  • kan trivast med høgt tempo og ein variert arbeidskvardag

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utfordrande og givande stilling for deg som vil vere med på å forme polititenestene for framtida
  • eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • lønn som politioverbetjent (SKO 0287) frå kr. 700 000 til kr. 740 000. For særskilt kvalifiserte kandidatar kan noko høgare lønn bli vurdert.
  • godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om goda på www.spk.no/medlemskap-i-spk.
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar. 


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner for stillingen

Joachim Olsvik

Avsnittsleder Vakt og Beredskap

joachim.olsvik@politiet.no

Karl Jonas Volen

Fungerende Seksjonsleder Vakt og Beredskap

+4740445902

karl.jonas.volen@politiet.no

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7eb7b507-c49f-4286-826d-1840b2ce2bad

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293916

Lignende annonser

Laster lignende annonser