Er du vår nye case manager?
Ambulant sikkerhetsteam Valen
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Case manager
Oppstart
3. november 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 21. august
Vi gir behandling og oppfølging etter Forensic FACT-modellen, retta mot pasientar dømt til behandling og/eller på tvang i psykisk helsevern, knytt til Eining for Sikkerheit og Eining for Sikkerheit og Rehabilitering.
Fact-sikkerhet er organisert i poliklinikk.
Avdelinga vår tilbyr langsiktig og heilhetlig oppfølging. Vi samarbeider med 16 kommunar og er ein del av Sikkerhetskjeda i Helse Fonna.
Kva kan vi tilby deg?- Eit godt arbeidsmiljø med stor takhøgde og høgt fagleg nivå.
- Muligheter for utvikling personleg og fagleg.
- Fleksibel og variert arbeidskvardag
- Du vil jobbe i eit recoveryorientert miljø med fokus på arbeid, aktivitet og rettleiing,
- Delta i prosjektarbeid som skal forbetre våre metodar og samarbeidsmodellar.
- Kartleggingsarbeid og ambulering🚗
Stillinga inneber arbeidstid på dagtid med 3. kvar helg i døgnpost.
Er dette noko for deg?
Vart du nysgjerrig på korleis det er å jobbe med oss? Klikk her og sjå filmen om oss: https://www.youtube.com/watch?v=vbD5255slcE
👉Søk no å bli med på laget vårt-hos oss får du moglegheita til å gjere ein forskjell kvar dag.
Kva går jobben ut på?
- Pasientbehandling i tverrfagleg team
- Arbeid med strukturert valdsrisikovurdering
- Behandling og oppfølging av pasientar i overgangsfase mellom sentralsjukehus, DPS og kommune
- Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på postane
- Polikliniske tenester med oppfølging av utskrivne pasientar. Det største pasientgrunnlaget er på Haugalandet
- Rettleiing til lokale oppfølgingstenester ved 4 DPS i føretaket, samt kommunar i opptaksområdet
- Poliklinisk oppfølging av pasientar på dom og på tvang utan døgnopphald i institusjon.
- Fact Sikkerhet har ei utadretta verksemd med reiser, direkte rettleiing og oppfølging av utskrivne pasientar og samarbeidspartar i heimkommune
- Teamet driftar eit Sinnemestringskurs etter Brøsetmodellen i kommuner
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant høgskuleutdanning som sosinom, miljøterapeut, vernepleiar, ergoterapeut, sjukepleiar
- Gode kommunikasjonsevner - både munnleg og skriftleg
- Førarkort for personbil.
- Gode evner i bruk av IKT-verktøy
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
I rekrutteringsprosess vert det lagt vekt på ei tverrfagleg gruppe.
Kva ser vi etter hos deg?
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å halde framdrift i prosessar
- Positiv, engasjert og initiativrik
- God evne til å samarbeide
- Ryddig og strukturert
- Gode kommunikasjonsevner
- Tilpassingsdyktig og kan takle stressande situasjonar med ro og faglege haldningar
Personlege eigenskaper vert vektlagde
Kvifor skal du velje oss?
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
- Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
- Arbeidstid dagtid med arbeid 3. kvar helg med 35,5 t/veke på Eining for Sikkerheit-og rehabilitering eller Eining for sikkerhetspsykiatri eller mulighet for langvakter 4.kvar helg med 37,5 t/veke.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gje til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Andreas Eide, Teamleiar, 53466415Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4998499849
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.11.2025
Søknadsfrist: 21.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Andreas Eide
Teamleiar
53466415
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7ea66c89-5886-4f7f-bcb2-91a21262109c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3d36f03a27604d0b9a552031300fcffd