Framtida.no søkjer journalist til lengre vikariat
Magasinett
Stortorvet 10, 0155 Oslo
Om jobben
Framtida.no søkjer etter ein nynorskskrivande journalist som kan bidra til at den gode veksten vår held fram. Ønskjer du å utvikla deg som journalist er dette ein god sjanse.
- Stillingstittel
- Nettjournalist
- Oppstart
- 9. februar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Send søknad til
Hva vi ser etter
Me ser etter deg som:-
er idérik med stor gjennomføringsevne
-
er framoverlent og har engasjement og lyst å bidra til at Framtida.no får fleire lesarar og set dagsorden på våre felt
-
er oppdatert på kva som engasjerer målgruppa både i sosiale medium og utanfor
-
er nyfiken, lærevillig og har lyst å utfordra deg sjølv
-
er god på å samarbeida, knyter kontaktar og kommuniserer godt
-
har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyheitsbiletet
-
har god bildeforståing, meistrar foto, video og grafikk
-
er god på innhaldsproduksjon til sosiale medium og følgjer med på kva som rører seg der
-
har god, nynorsk språkføring
Framtida.no er ein inkluderande arbeidsplass som ynskjer søkjarar med ulik erfaring og bakgrunn, både innan utdanning, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsvariasjon og anna.
Vikariatet varar frå 9. februar 2026 og ut november 2026.
Arbeidsoppgaver
-
Finna og skriva relevante nyheitssaker for unge i alderen 15-25 år
-
Korrekturlesing av eigne og andre sine tekstar på nynorsk
-
Ta eigne foto, samt enkel biletredigering
-
Gjerne enkel video og redigering
-
Enkel grafikk og layout til sosiale medium
-
Desking av andre sine saker i ein rullerande deskturnus
Vi tilbyr
Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom, i eit lærerikt miljø der du får høve til å utforska nye måtar å formidla historier på. I jobben får du ansvar for å leita fram, skriva og formidla viktige nyheiter og reportasjar for unge i alderen 15 til 25 år. Du vil òg bidra med desking.
Framtida.no redaksjon som har fire tilsette på kontoret i Glasmagasinet sentralt i Oslo. Me har òg eit lokalkontor på Stord, som er hovudsetet til vår søster- og samarbeidsavis Framtida Junior.
Løn etter avtale.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stiftinga Magasinett er ein integrert del av Framtida.no-redaksjonen.
Framtida.no er ei nynorsk nyheits- og debattavis for unge i aldere 15-25 år. Målet er å løfta og styrka engasjementet til unge.
Framtida.no er eigd av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), men er redaksjonelt uavhengig og følgjer Redaktørplakaten og Vêr varsam-plakaten.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7e8a3629-2c4c-4d54-9e88-8bf6b33a75d2
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7e8a3629-2c4c-4d54-9e88-8bf6b33a75d2
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Stiftinga Magasinett
Sted
Oslo
Journalist - Rådgiver 1434 (Uniforum)
Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Aftenposten AS
Sted
Oslo