Organist, 60% stilling, Vang i Valdres
Vang Kyrkjeleg Fellesråd
Tyinvegen 5175, 2975 Vang i Valdres
Om jobben
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang? Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, fleksibilitet i arbeidet, eit godt arbeidsmiljø og i tillegg; eit variert lokalt musikkmiljø.
Stillingstittel
Organist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Ynskja kvalifikasjonar:o Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring
o Allsidige orgel- og pianoferdigheiter, gjerne også andre instrument
o Kjennskap til norsk gudstjenestetradisjon og liturgi
o Kompetanse og erfaring med kor og musikalsk arbeid for barn og unge
Personlege eigenskapar:o Du har initiativ og gjennomføringskraft
o Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
o Du har evne til å motivere, inkludere og se frivillige som en viktig ressurs
o Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
o Du trives med kvelds- og helgejobbing
Særskilte krav:o Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
o Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar
o Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
o I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
o Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd
Me ynskjer og å informere om at me har ledig ei 20% stilling som trusopplærar, dersom det skulle være interessant å søke den i tillegg, for å fylle stillingsgraden.Vang kommune har og lyst ut ei 20% stilling som dirigent for Fjellblom musikklag, Ved spørsmål vedrørende dirigentstillinga, ta forbindelse med; Jon Eggen, mob. 901 86 731.
Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel.Personleg eignaheit blir vektlagt.
Spørsmål om organiststillinga kan rettast til:Kyrkjeverje Silje Hammerstad, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no
Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland, mobil 926 53 320 eller il597@kyrkja.no
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast til mail; sh466@kirken.no**, innan 15.august 2024.**
Arbeidsoppgaver
o Lede og videreutvikle det kyrkjemusikalske livet i meinigheita
o Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, i tett samarbeid med soknepresten og den øvrige staben
o Samarbeid om trusopplæringa, og samarbeid mellom kyrkja og skulen i Vang
o Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid
o Koordineringsansvar for kulturelle arrangement i kyrkja, utleiekontraktar og anna organisering rundt dette
o Utarbeide kyrkjemusikalsk plan
o Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle arbeidsoppgåver ved arbeidsfellesskapet
Vi tilbyr
Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, og eit godt arbeidsfellesskap.o Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
o Løn etter KA's tariffavtale
o Medlemskap i KLP pensjonsordning
o 6 månaders prøvetid
Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid.Om bedriften
Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer og ei økumenisk fjellkyrkje.
Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, trusopplærar, kyrkjetenarar, klokkarar, reinhaldarar, kyrkjegardsarbeidar og organist.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2649941
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7e56d3d4-ec02-4e02-afb2-05b1a9d17be9