Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i Fjord kommune
Oppvekst og kultur Fjord kommune, Valldal skule - Fjord kommune
Skulebrauta 48, 6210 Valldal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeidar/assistent på Valldal skule/SFO
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Fjord kommune har ledig eit vikariat i SFO på Valldal skule som barne- og ungdomsarbeidar. Vi har ledig inntil ei 100% stilling med snarleg oppstart og fra, til sommaren 2025. Det kan også vere aktuelt med ytterligare behov frå hausten av. Har du lyst til å prøve ut noko nytt i ein periode eller er på jakt etter noko fast kan du sende inn ein søknad. Det kan vere at du er interessert i ei utdanning som er retta mot barn og unge, men er usikker på om det passar for deg. Da er dette sjansen til å prøve seg.
Stillingane er dels i SFO og dels i skulen.
Under finn du ei oversikt og har du eit spesifikt ønske om kvar du vil arbeide ber vi deg om å spesifisere det i søknaden.
- inntil 100% vikariat på SFO og kanskje noko arbeid på skule.
Vil du lese meir om Valldal skule kan du gå inn på heimesida vår ved å trykke på linken: Barnehage og skule - Fjord kommune
Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Oppfølging av enkeltelevar og grupper
- Leksehjelp
- Det kan vere tider der du får ansvar til å følgje opp barn og elev-/ar med særskilte behov.
- Samarbeide med pedagogisk personale
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
- Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
I arbeid med barn og unge treng vi personar som er ein trygg og god vaksen. Du må vere tålmodig, nysgjerrig og lærevillig i samspelet med barna. Det er viktig at du kan arbeide sjølvstendig, visar initiativ og ikkje lar seg stresse i hektiske og uoversiktlege situasjonar. I tillegg til godt samspel med barn og unge er det også viktig at du skapar gode relasjonar til kollega og foreldre.Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Løn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot
Kontaktinformasjon
Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, +47 41867841Arbeidsstad
Skulebrauta 486210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 4929751793
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 14.03.2025
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2875347
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5ca759812f9940df976249bf0a32043b