Vikariat i norsk, samfunnskunnskap og geografi
AMA - AMALIE SKRAM VGS, Vestland fylkeskommune
5015 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vikariat i norsk, samfunnskunnskap og geografi
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 95%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Amalie Skram videregående skole ligg i Bergen sentrum og er fylkets største skole målt i elevtal, med over 1000 elevar. Vi er ein ny og moderne skole som starta opp hausten 2014. Skolen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Medium og kommunikasjon, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, samt Sal, service og reiseliv. Totalt er det ca.130 modige, opne og kompetente tilsette. Skolen er samlokalisert med Bergen kommune sitt hovudanlegg for symjing og stup: AdO Arena.
Skolen har ledig ca 95 % vikariat i norsk, samfunnskunnskap og geografi, frå og med 01.08.25 - 09.03.26.
I alle tilsettingprosessar knytt til tilsettingar ved skolen, må ein vere førebudd på å gjennomføre ein prøvetime om ein blir kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på fleire trinn og fleire utdanningsprogram.
- Kontaktlærarfunksjon.
- Samarbeid med andre tilsette på avdelinga, og på tvers av avdelingane på skolen.
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
- Undervisningserfaring frå vidaregåande skole er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar.
- Du bidreg til å skape gode relasjonar mellom elevar og lærarar.
- Du er inkluderande og utviklingsorientert.
- Du har god pedagogisk forståing.
- Du har god digital kompetanse og held deg oppdatert på ny teknologi.
- Du har eit positivt menneskesyn.
- Du er initiativrik og bidreg til profesjonsfellesskapet.
- Du deler kunnskap og erfaringar, og tek imot rettleiing med eit ope sinn.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Nært samarbeid med kollegaer.
- God delingskultur.
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Ein variert arbeidskvardag med moglegheit for personleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Tove Heradstveit, avdelingsleiar, 97627278Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4965374856
Stillingsprosent: 95%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 09.03.2026
Søknadsfrist: 23.05.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2938454
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7f2af14d36f045f38a06f11961d781f4