Lege i spesialisering - Onkologi
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering - Onkologi
Oppstart
1. november 2023
Antall stillinger
1
Onkologi - eit spanande fagfelt i stor utvikling!
Vil du vere med på å byggje det beste laget?
Vi søker legar i spesialisering med eit brennande engasjement innanfor faget onkologi. Startdato kan avtalast.
Det onkologiske tilbodet i klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal inneheld bl.a:
- Sengepost, stråleterapieining, lindrande team og poliklinikk i Ålesund.
- Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus.
- I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som ein del av vår klinikk.
Onkologi er eit svært spanande og variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar og teknikkar er i stadig utvikling. Onkologiske legar i vår seksjon er i dag delt inn etter faggruppene uro/sarkom/CNS; GI/malignt melanom; brystkreft/thyroidea og stråleterapi.
Onkologi gjer rike moglegheiter for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.
Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Vil du lese meir om regionen vår, sjå Visit Ålesund
Arbeidsoppgåver
- Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte drift av sengepost, polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, deltaking på MDT-møter, tilsyn og vurdering av stråleterapi
- Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund
- Deltaking i kliniske studier
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Noreg
- Du har gode kunnskaper i norsk, både munnleg og skriftleg
- Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivast i eit aktivt, framoverlent og hektisk miljø
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du er ansvarsbevisst
- Du deler gjerne kunnskap med andre
- Du har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Kontaktinformasjon
Nils Eivind Skottner, 70106939, +47 70106939, Nils.Eivind.Skottner@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4713270527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2023
Søknadsfrist: 12.10.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2449122
- Hentet fra
talentech
- Referanse
03985363054144fdb3bd309017b278ce