Lærar i tysk
Sotra vidaregåande skule
Branndalsmyra 61, 5353 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i tysk.
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 24. april
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter ein lærar i tysk i 40% stilling, men som òg har undervisningskompetanse i minst eit anna fag som skulen tilbyr.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i tysk.
- Undervisning i andre fag som skulen tilbyr.
- Tett oppfølging av einskilde elevar.
- Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollegaer og skuleleiing.
- Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
- Samarbeide med kollegaer om elevane si læring og utvikling.
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse i tysk, gjerne kombinert med andre fag.
- Pedagogisk utdanning.
- Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
- Gode IKT-kunnskapar.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for
ungdom. - Du har stort engasjement for faget.
- Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
- Du er fleksibel og ser moglegheiter.
- Du har gode samarbeidsevner.
- Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
- Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
- Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
- Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Jaspreet Kaur Gloppen, avdelingsleiar, 41292347Erik Henneli, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370
Arbeidsstad
Branndalsmyra 615353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4949064234
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 24.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Olav Lee
rektor
93034370
Erik Henneli
95826077
Jaspreet Kaur Gloppen
avdelingsleiar
41292347
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2912054
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b535cd9250d4ef6830411593c32e8b7