KYRKJETENAR/ REINHALDAR/ VEDLIKEHALDARBEIDAR
Bremanger kyrkjeleg fellesråd
Bremanger
Om jobben
Stillingstittel
KYRKJETENAR/ REINHALDAR/ VEDLIKEHALDARBEIDAR
Type ansettelse
Annet, deltid
Antall stillinger
1
Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig 20 % stilling som kyrkjetenar/ reinhaldar/ vedlikehaldar ved Frøya kyrkje med tiltreding snarast råd. Arbeidsoppgåvene er m.a. kyrkjetenar ved gudstenester, gravferder og andre anledningar. Reinhald av kyrkja og inventar, samt vedlikehaldsarbeid ved kyrkja. Vi søker ein person som kan møte menneske som kjem til kyrkja i ulike anledningar på ein god måte.
For rett person med er der moglegheit for auke i stilling avhengig av kompetanse.
Tenesteområde for stillinga er Frøya kyrkje. Det er utarbeidd instruks for stillinga.
Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetting skjer etter gjeldande lovverk, reglement
og tariffavtale med 6 månaders prøvetid. Pensjonsordning gjennom KLP.
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkje.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kyrkjeverje i Bremanger,
e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no eller tlf. 91706595.
Søknad med kopi av attestar og vitnemål vert å sende:
Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller på e-post til kyrkjeverje
ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.
Om bedriften
Sektor
Offentlig