Sjukepleiar - vikariat
Alderpsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - vikariat
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 12. august
Vil du vere med på laget vårt?
Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det. Vi kan tilby deg vikariat i døgnseksjonen med moglegheit for fast tilsetting.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) ,alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Arbeidsoppgåver
- Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og brukar mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjon
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og i poliklinikk
- Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
- Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet
- Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Menn oppfordrast til å søkje.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 26450 HJELSET
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4995908972
Stillingsprosent: 70%
Vikariat
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 12.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7d8d5496-a36c-4bab-b858-039085086311
- Hentet fra
talentech
- Referanse
000608473aa24e959c0aa1cbd5ef18a8