Overlege Palliasjon
Kreftbehandling og palliasjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege Palliasjon
- Oppstart
- 3. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. april
Har du eit brennande engasjement for palliasjon, eller kanskje ønskjer du å bygge kompetanse innan faget? Då kan denne stillinga vere noko for deg!
Palliativt team i Volda har ledig 50 % fast stilling som overlege. Stillinga kan fint tilretteleggast med annan arbeidsplass, samt kan den også delast på 2 personar. Gjer vel og skriv i søknaden kor stor andel av stillinga du ønsker/søker på. Arbeidstid er primært dagtid måndag til fredag. Det er ønskeleg at den som blir ansatt har høve til å starte i stillinga frå 03.08.26.
Palliativt team er ei gruppe som gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av. Vi samarbeider med fleire yrkesgrupper og har ein spesiell kompetanse innan palliasjon. Teamet består av spesialsjukepleiarar, lege, og fysioterapeut. Tilbodet vårt gjeld pasientar med alle diagnosar, men det er ei hovedtyngde innan kreft og ALS.
Vi arbeider tett med andre avdelingar i sjukehuset, kommunehelsetenesta og fastlegar, og vi har ei særskilt oppgåve med å spreie kompetanse og rettleie i palliasjon. Vi har poliklinisk og ambulerande verksemd, og har to dedikerte senger i medisinsk sengepost.
Palliativt team er godkjent utdanningsinstitusjon for palliasjon. Vi søkjer etter ein overlege med relevant spesialitet og med eit engasjement for palliasjon.
Arbeidsoppgåver
- Som lege i palliativt team har du ansvar for å yte avansert medisinsk behandling til pasientar i palliativ fase av sin sjukdom. Vi jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling og symptomlindring
- Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, heimebesøk, vurdering av tilvisningar, tilsyn av pasientar ved ulike sjukehusavdelingar og visitt og anna arbeid knytt til pasientar i palliativ seng
- Rådgjeving til helsepersonell og rettleiing av kollegaer
- Delta i kliniske studiar
- Undervisning
- Nettverkssamarbeid
- Delta i vidareutvikling og nyskaping av tilbodet i seksjonen vår
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- God kjennskap til både kommune- og spesialisthelsetenesten
- Det kan vere ein fordel om du har lang erfaring som lege
- Spesialisering innan palliasjon eller andre relevante fagområder vil vere ein fordel
- Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet
- Du likar å undervise og veilede, du deler kunnskap med andre
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert og framtidsretta
- Du har engasjement for samhandling på tvers av tenestenivå
- Du viser fagleg engasjement for arbeidet ditt
- Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
- Du medverkar til godt tverrfagleg samarbeid
- Du er innovativ og nyskapande
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.Kontaktinformasjon
Janne-Marie Håskjold, Sekjsonsleiar, 70 05 82 73, Janne-Marie.W.Haskjold@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5102440480
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 23.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7d4585bc-ef72-41bd-8428-6c780abab1e1
- Sist endret
9. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a765204edb6d4c64bf7d4f60895fe581