Barnehagemedarbeidare
Sør-Fron kommune
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagemedarbeidare
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Med førebels godkjenning av permisjonar, overføringar og oppseiingar, kan det frå 12.08.2026 bli ledig eit lite tal stillingar som barnehagemedarbeidar i barnehagane i Sør-Fron. Hovudsakleg vikariat, men ved ledigheit faste stillingar. Stillingsprosenten vil vere 40 - 100 %.
Sør-Fron kommune har to kommunale barnehagar, Liene og Harpefoss, med fire og tre avdelingar for barn 0-6 år.
Søknadsteksten vil bli tillagt stor vekt ved utveljing til intervju.
Alle søknadar skal sendast via rekrutteringssystemet på Sør-Fron kommune sine heimesider. Søknadar skal ikkje sendast som e-post.
Arbeidsoppgåver
- støtte og veilede barn i å danne vennskap og å vise omsorg for kvarandre.
- delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet i det daglege.
- vere bevisst på og bidra til eit godt språkmiljø i barnehagen.
- samarbeide med andre tilsette.
- halde seg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og planleggingsdagar.
- bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar.
- Anna relevant utdanning kan kompensere for manglande fagbrev.
Politiattest, jf. barnehagelova § 30, må leggast fram ved tiltreding, men skal ikkje følge med søknaden.
Personlege eigenskapar
- motiverande, kreativ og initiativrik i samspel med barn i leik og læring, ute og inne.
- vere den trygge vaksne som gir barn forutsigbarheit, varme og omsorg.
- ha evne til å utforske og undre seg saman med barn.
- gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse.
- godt humør og positivt menneskesyn.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- eit profesjonelt fellesskap der vi fokuserer på motivasjon, medverknad og meistring i barnehagemiljøet
- eit ope og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette samarbeider
Tilsettinga er etter vilkår av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Sør-Fron kommune søker også etter vikarar på tilkalling til barnehage og skule. Sjå eigen annonse på kommunen sine heimesider.
Kontaktinformasjon
Liv Randi Sundhagen, Styrer Harpefoss barnehage, 48124885, liv.randi.sundhagen@sor-fron.kommune.noMette Gjefsen, Styrer Liene barnehage, 97 71 94 41, mette.gjefsen@sor-fron.kommune.no
Arbeidssted
Kommunevegen 12647 Sør-fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommuneReferansenr.: 5098785010
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Velkome åt Sør-Fron!
Vår visjon er «den grøne kulturbygda».
Sør -Fron er ei bygd med skaparkraft og hjarterom – ei trygg, inkluderande og innovativ kulturbygd med moglegheiter for alle. Trua på samhandling, likeverd og fellesskap skal vera førande for korleis vi løyser og utviklar oppgåvene våre saman.
Vi er om lag 400 tilsette som er stolte av å kunne levere gode tenester kvar dag til vel 3000 innbyggarar og fritidsinnbyggarar i Sør-Fron kommune.
Sør-Fron kommune skal vera inkluderande og mangfaldig, og våre tilsette skal spegle kommunen si befolkning. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Sør-Fron kommune legg vekt på å legge arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.
Offentleg søkarliste:
Sør-Fron kommune praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Offentleg søkarliste vil normalt innehalde namn på samtlege søkarar. Det må ligge føre tungtvegande grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7d3baf71-6db5-4a38-8362-bec2be6923c8
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8d92aba7b13b4363a493fc9a0edd935e