Hopp til innhold

Kunderådgivar

Arbeidsgiver

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Kunderådgivar
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Laboratorieavdelingane i Helse Møre og Romsdal ønskjer å ha eit godt samarbeid med våre samarbeidspartnarar/kundar i primærhelsetenesta.  

For å ivareta kundeservice ut mot legar, legekontor, institusjonar og andre rekvirentar utanfor sjukehus søkjer vi ein person som er motivert til å leggje til rette for god samhandling.

Stillinga er per no ei 50 prosent fast stilling, men vi arbeider for å auke stillingsprosenten dei neste åra.

Stillinga er organisatorisk plassert i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og arbeider tett med kunderådgivar organisert i Avdeling for medisinsk mikrobiologi.

Kunderådgivar skal ha eit nært samarbeid med alle laboratorieseksjonane i Klinikk for diagnostikk.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Arbeidsoppgåver

  • Yte kundeservice til samarbeidspartnarar/kundar (legar, legekontor, institusjoner o.l) i Møre og Romsdal 
  • Leggje til rette for god samhandling med aktørar i primærhelsetenesta i Møre og Romsdal
  • Veilede i bruk av HP/HP Link og bistå i vidareutvikling av rekvireringsløysinga
  • Gi råd og rettleiing til rekvirentar om bruk av elektronisk rekvirering (HP Link), via kundebesøk, telefon, epost og Norsk Helsenetts fjernhjelpsportal 
  • Arbeide for å optimalisere tenestetilbodet 
  • Samarbeide tett med annan kunderådgivar i Klinikk for Diagnostikk og regionalt
  • Bidra til eit godt omdøme til Helse Møre og Romsdal HF 

Kvalifikasjonar

  • Kompetanse innan preanalyse, analyse og postanalyse frå laboratoriemedisin 
  • Meistre norsk språk, skriftleg og muntleg 
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne 
  • Relevant IT-kompetanse og allsidig kunnskap om bruk av dataverktøy 
  • Det er ønskeleg at tilsett gjennomfører sertifisering innan HP/Beaker  

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
  • Du har evne til å motivere og til å skape samarbeid for å oppnå felles mål 
  • Du har ei positiv haldning, er utadvendt og engasjert
  • Du har evne til omstilling og interesse for vidareutvikling

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår


Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Brit Valaas Viddal, Avdelingssjef, 41400934, Brit.Valaas.Viddal@helse-mr.no
Marie Nora Roald, Seksjonsleiar, 41570968, marie.nora.roald@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5030022556
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7d2151d6-549a-41aa-b2ed-e4d35e27f79e

Sist endret

17. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

e73f452b17d740b7a1ad131c9264c5dc

Lignende annonser

Laster lignende annonser