Sommarjobb i Friluftsskulen Sogn
Sogndal kommune Anlegg og friluftsliv
Trolladalen 30, 6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Sesong, deltid 0%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Friluftsskulen er eit gratis tilbod for born og unge frå 4 – 7. klasse. Målet er å gi deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftsliv, med vekt på meistring, fellesskap og gode naturopplevingar. Vi gjennomfører fire dagar med friluftslivsaktiviteter kvar veke, med ein overnatting ute i lag med borna. Friluftsskulen skal vere inkluderande og open for alle.
Om stillingaI sommar arrangerer Sogn friluftsråd friluftsskular i alle dei seks medlemskommunane våre. Vi søkjer engasjerte og trygge instruktørar som vil vere med og gjennomføre tilboda. Aktuelle veker er 26, 27, 28, 31, 32 og 33, og du må oppgi kva veker som kan vere aktuelle for deg.
Før oppstart arrangerer vi ein opplærings- og bli-kjent-dag i samarbeid med Fjordane friluftsråd. Denne dagen blir gjennomført i nærleiken av Sogndal og gir deg ein god start saman med dei andre instruktørane.
Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som har kompetanse innan friluftsliv, og gjerne erfaring eller kurs innan klatring, padling, sykling, orientering eller andre uteaktivitetar. Som instruktør skal du vere ein trygg og ansvarleg vaksen i møte med borna, og bidra til at dei opplever meistring, læring og trivsel. Vi ønskjer at du er engasjert, imøtekomande og positiv, og at du vil vere med og skape eit godt arbeidsmiljø saman med resten av teamet. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvalifikasjonar
Du må:
- Ha erfaring med og positivt engasjement for natur og friluftsliv
- Gyldig politiattest må leggast fram før tilsetting
Ynskja kompetanse, men ikkje krav:
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Om arbeidsgjevar
Sogn friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Samarbeidet er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.
Friluftsrådet skal i samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar, fremje allsidig og miljøvenleg friluftsliv i indre Sogn, til det beste for befolkninga si trivsel og helse. Friluftsrådet skal saman med kommunane arbeide for meir friluftsliv for alle, heile året.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7d01d9ec-e497-46a0-9e71-ed2593c18512
- Sist endret
25. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3600055_233949_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Plan og teknisk
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune, bu- og miljøtenesta
Sted
Balestrand
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand
Sted
Leikanger