Brenn du for miljøet -- og trivst med både folk og fysisk aktivitet?
NGIR IKS
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kunderettleiarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
NGIR IKS søkjer to engasjerte og allsidige Kunderettleiarar som vil vere med og forme framtida for avfallshandtering og gjenvinning i regionen. Dette er ikkje ein vanleg kontorjobb -- her får du det beste frå to verder: Du vekslar mellom kundeservice på kontoret og praktisk arbeid ute på gjenvinningsstasjonane våre.
Kva går jobben ut på?Du blir ein nøkkelperson i møtet med kundane våre -- både digitalt og ansikt til ansikt. På kontoret er du med på å halde hjula i gang: Du svarar på spørsmål via telefon og e-post, tek imot besøkande og hjelper kundar med sortering og bruk av digitale løysingar.
Du har ansvar for å følgje opp førespurnader, registrere informasjon i interne system og sørgje for at dokumentasjon og kundedata blir handtert på ein trygg og strukturert måte. Du samarbeider tett med kollegaer for å sikre god informasjonsflyt og effektiv oppfølging av saker. Kontoret er ein viktig base for både planlegging og koordinering, og du spelar ei sentral rolle i å sikre at både kundar og kollegaer får den støtta dei treng.
Ute på stasjonane er du med på å sikre god flyt, ryddige omgjevnader og ei trygg og positiv oppleving for alle som kjem innom. Du får rett og slett vere med og gjere det lettare for folk å ta miljøvenlege val -- kvar einaste dag.
Kven er du?Du er ein person som likar å ha kontakt med folk, og som trivst med å veksle mellom skjerm og vernesko. Du har god kontorkompetanse og meistrar administrative oppgåver med tryggleik og presisjon. Du er strukturert, sjølvstendig og har eit skarpt auge for orden og kvalitet -- både i fysiske omgjevnader og i digitale system. Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg, og handterer konfidensiell informasjon med høg grad av integritet. Du har erfaring med bruk av digitale verktøy og system, og er komfortabel med dokumenthandsaming, kundedialog og informasjonsflyt. I tillegg har du eit ekte engasjement for miljø og samfunnsansvar, og ønskjer å bidra til ei berekraftig utvikling gjennom arbeidet ditt.
Kva bør du ha med deg?Vi ser etter deg med vidaregåande utdanning eller fagbrev. Har du truck- og hjullastarbevis, er det eit pluss -- men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har rett innstilling og vilje til å lære.
Kor jobbar du?Du vil ha ein fleksibel arbeidskvardag med base både på NGIR sitt hovudkontor i Kjevikdalen og ute på gjenvinningsstasjonane i regionen.
Kva får du hos oss?Hos NGIR får du ein jobb med meining. Du blir del av eit inkluderande og framtidsretta arbeidsmiljø, der vi spelar kvarandre gode og jobbar saman for ei grønare framtid. Du får varierte arbeidsdagar, høve til fagleg utvikling og ein jobb du kan vere stolt av.
Om bedriften
NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, og har til saman 100 tilsette og omset for om lag 199 millionar kroner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7cf232e1-9d9e-463e-9900-9a68f1ab548c
- Hentet fra
FINN
- Referanse
421960590