Sjukepleiar/spesialsjukepleiar 100 % fast stilling
Bokn kommune Pleie- og omsorg
Boknatunvegen 37Bokn kommune, 5561 Bokn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
Er du sjukepleiar/spesialsjukepleiar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mot helgearbeid og har fleksibel årsturnus med val om å avvikle helgetimane med langvakter, ordinære vakter, ordinære vakter kombinert med langvakter, eventuelt nattevakter. Me har ledig stilling frå snarast og er fleksible i forhold til ønska stillingsstorleik, men ønskjer å tilsette i minimum 80 % stillingsstorleik.
Det er også moglegheit for å arbeide langvakter i vekene.
Rolla som kreftkoordinator og demenskoordinator er for tida også ledig for deg som har utdanning innan kreftomsorg og\eller geriatri\demens, og kan då bli ein del av arbeidsoppgåvene i stillinga.
Me søkjer deg som er engasjert, fleksibel, nytenkjande og opptatt av å yte gode helse- og omsorgstenester.
Om arbeidsstaden
Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik.
Arbeidsoppgåver i stillinga
Moglegheit for rolle som kreftkoordinator for spesialsjukepleiar innan kreftomsorg eller palliasjon
Moglegheit for rolle som demenskoordinator
Ordinære sjukepleiefaglege oppgåver
Medikamenthandtering
Stell og pleie
Tverrfagleg samarbeid
Tillitsskapande miljøarbeid
Veiledning til pasientar og pårørande
Veiledning av kollegaer, studentar/elevar
Halde seg fagleg oppdatert og bidra med fagleg utvikling
Medansvarleg for bruk og innføring av velferdsteknologi i tenestane
Kompetansekrav
Offentleg godkjent sjukepleiar
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Evne til å motivere og engasjere
Initiativrik og fleksibel
God samhandlingskompetanse
Evne til å arbeide sjølvstendig
Trivast med å arbeide med mennesker
Godt humør og løysningsorientert
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Handtere travle arbeidskvardagar
Arbeidsgjevar tilbyr
Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling
Lønn (0 - 20 års ansiennitet) per 01.10.24:
Sjukepleiar: frå 537 400 kr - 641 400 kr
Spesialsjukepleiar: frå 586 400 kr - 690 000 kr
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Seksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet.
Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2944543
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3503789_241083_nn