Seksjonssjef Plan Utbygging
Statens vegvesen
Bergelandsgata 30, 4012 Stavanger, Dr. Hansteins gate 13, 3044 Drammen, Dronningens gate 18, 8006 Bodø, Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen, Parkgata 81, 2317 Hamar
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonssjef Plan Utbygging
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. februar
Om stillinga
Fagressursavdelinga er ei landsdekkande eining som leverer ulike fagressursar til dei fire utbyggingsområda i utbyggingsdivisjonen. Avdelinga si hovudoppgåve er å bidra til at prosjekta når måla sine ved å levere rett kompetanse til rett tid i prosjekta.
Plan Utbygging er ein av 7 fagseksjonar i Fagressursavdelinga, og er ei landsdekkande eining som per i dag tel ca. 70 medarbeidarar. Seksjonen har eit breitt fagmiljø med kompetanse planleggings- og prosjekteringsleiing, vegplanlegging, landskap, overvann, digitale modeller mm. Medarbeidarane jobbar inn i prosjekt i alle fasar og er fordelte frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord.
Av omsyn til kor seksjonen har flest medarbeidarar er ønska kontorstad Bergen, Stavanger, Bodø, Drammen eller Hamar.
Arbeidsoppgåver
Som seksjonssjef vil arbeidsoppgåvene dine vere dagleg leiing av seksjonen, inkludert personal- og resultatansvar. Seksjonen er i dag organisert med 3 kontoreiningar. I tillegg til personalansvar for kontorsjefane, har seksjonssjef personalansvar for ei gruppe plan- og prosjekteringsleiarar. Denne gruppe tel pr. i dag 15 medarbeidarar.
Du skal legge til rette for utvikling av kompetanse og kapasitet innanfor seksjonen og avdelinga sitt arbeidsområde, og sørge for både personleg og fagleg utvikling for dine medarbeidarar. Du har og ansvar for å allokere fagressursar til prosjekt etter behov.
Som seksjonssjef vil du ha tett samarbeid med andre seksjonar og vere ein del av leiargruppa i avdelinga.
Leiing i Statens vegvesen
Som leiar i Statens vegvesen forventes det at du følgjer leiarprinsippane våre – vårt felles kompass for godt leiarskap:
- Sett retning – eg ser framover, varetek heilskapen og viser veg.
- Ver til stades – eg lytter, tek vare på medarbeiderane og motiverer til innsats.
- Skap saman – eg er drivkraft for samarbeid og deling. Eg gjer det trygt å utforske nye moglegheiter.
Prinsippa byggjer på våre verdiar og gir retning for korleis vi leier, samhandlar og utviklar oss – både som enkeltleiarar og som organisasjon.
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av eit landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling - både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Faglig påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Kompetansekrav:- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min 4 år
- Du må ha god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
- Leiarerfaring med personalansvar og erfaring innan eininga sitt ansvarsområde
- Kjennskap til prosessane for planlegging etter plan- og bygningslova
- Erfaring frå større vegprosjekt
- Du er god på å samarbeide i tverrfaglege miljø og du likar å bidra til kreativitet og erfaringsutveksling
- Du ser nytten i bruk av ny teknologi og er interessert i å bidra til utvikling
- Du er interessert i personalleiing og utvikling av medarbeidarar i rolla deira i prosjekta
- Du er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
- Du samarbeider godt med andre og trivst med å jobbe med fleire oppgåver samtidig
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Omfattande og relevant leiarerfaring eller erfaring innanfor de aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finner den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Utbyggingsdivisjonen i Statens vegvesen er den største landbaserte byggherren i Noreg. Divisjonen har ansvar for planlegging og bygging av dei større vegprosjekta til Statens vegvesen. Operativt er divisjonen delt inn i fire utbyggingsområder, ei fagressursavdeling og ei avdeling for kontrakt/marked.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c7d4247-f024-42a8-a442-cfd6d8be3e8a
- Sist endret
11. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10281855
Lignende annonser
Seksjonssjef Kontrakt Utbygging
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Bergen, Molde
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Drammen, Moss, Trondheim
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Stavanger, Bodø, Lillehammer, Trondheim, Tromsø