Helsesekretær/sekretær
Serviceseksjon Psykisk helsevern, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Seksjonen utfører arbeidsoppgåver for Psykisk helsevern i Helse Førde. Ansvarsområder for seksjonen er merkantile tenester, mottak av besøkande, telefoni, sakshandsaming, kvalitetsarbeid og oppfølging av pakkeforløp psykisk helse og rus.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon
- Telefoni
- Pasientadministrativt arbeid
- Førefallande arbeid tilhøyrande seksjonen
Kvalifikasjonar
- Helsesekretærutdanning eller anna relevant 3-årig vidaregåande utdanning
- Det er ønskjeleg at søkjar har autorisasjon eller fagbrev
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Fordel med kjennskap til DIPS
- Søkjarar med særleg realkompetanse vil kunne bli vurdert
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
- Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
- Må like eit hektisk arbeidsmiljø, med stadige endringar
- Vere med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar blir vektlagde
Vi tilbyr
- Løn etter regulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Trine Dyregrov Heggheim, Seksjonsleiar, (+47) 996 10 585Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4663511187
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2023
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2361009
- Hentet fra
talentech
- Referanse
debee99c0821495ab39ddc56b4f28887