Ledig inntil 100% fast og vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar ved Bremanger sjukeheim
f.t. ved Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Gamlevegen 59, 6729 Kalvåg
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar eller vernepleiar
Oppstart
20. mars 2023
Antall stillinger
1
Ledig inntil 100% fast og vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar i Bremanger kommune, for tida på Bremanger sjukeheim.
Er du sjukepleiar eller vernepleiar, og ønskjer deg fast stilling eller vikariat med gode kollegaer og spennande oppgåver?
Kvardagen hos oss er variert, der du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og ein har og eit lindrande rom.
Vi arbeider i for tida i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåve hos pasientane
- Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjelder alder og medisinske behov
- Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Moglegheit for å delta i ressursgruppe
- Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m.
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Nyutdanna oppfordrast til å søkje, og opplæring vil bli gjeve
- Må ha førarkort for personbil (B)
- Like å arbeide i team
- Vere innstilt på endringar
- Legge fram politiattest av nyare dato
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.
For oss er det viktig at du trivast med menneskje, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år.
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg
Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktinformasjon
Evy Janne Berle, Driftssjef, 95982944Arbeidsstad
Gamlevegen 596729 Kalvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4593752927
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 20.03.2023
Søknadsfrist: 21.07.2024
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2193554
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9abe9a4a12d048578eaa5782a9a1d6eb