IKT-Konsulent
IDI - IKT Tenestelev. Region Nordfjord/Sunnfjord/Sogn, Vestland fylkeskommune
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
IKT-Konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Som IKT-konsulent i Nordfjord vil du bidra til at lærarane og elevane på dei vidaregåande skulane i regionen vært fornøgd og får utnytta potensialet i teknologien til klasseromma og møteromma.
Seksjon IKT har ansvar for all IKT i Vestland fylkeskommune. Seksjonen består av 4 faggrupper, kor denne stillinga ligg i faggruppa tenesteleveranse. Tenesteleveranse har ansvar for alt IKT-utstyr som møter brukaren. Faggruppa er også den største faggruppa i seksjonen med ca 45 IKT-Konsulentar. Totalt på seksjonen er det ca 80 medarbeidarar og ca 40 lærlingar.
I tillegg til faggruppene i seksjonen finns det også fagteam. Fagtema er spesialist team med medlemmer frå fleire av faggruppene for tverrfagleg samarbeid og utvikling.
Arbeidsoppgåver
Du vil jobbe som IKT-konsulent i eit team i Nordfjord-regionen. Teamet består av to IKT-konsulentar og lærlinger som supporterer dei 4 vidaregåande skulane, Eid, Firda, Stryn og Måløy i tillegg til andre fylkeskommunale lokasjonar i Nordfjord. Basen din vil vere på Eid vidaregåande skule.
Teamet har ansvar for IKT-utstyret på skulane og dei andre lokasjonane, og ser til at dette fungerer. Du vil få rettleiing frå andre IKT-Konsulentar med lang erfaring frå fylkeskommunen. Samtidig vil du ha store moglegheiter og friheit til fagleg utvikling.
Likar du å sjå at andre meistrar og lykkast, så vil du få moglegheit til dette som instruktør og/eller fagleg leiar for lærlingar i regionen. Du vil ha ansvar for at lærlingane når læremåla i læreplanen for IKT fag og fungerer som ein mentor for desse.
Har du i tillegg pågangsmot, liker høgt tempo og er nysgjerrig er du akkurat den vi ser etter.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i IKT-fag eller høgare
- Erfaring frå oppfølging av eksterne leverandørar
- Erfaring frå oppfølging av lærlingar
- Kjennskap til ITIL
- Førarkort på bil
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit
- Positiv innstilling og flink i dialogen med menneske
- Vilje til løypande fagleg oppdatering og fornying
- Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode samarbeidseigenskapar, samt ynskje om å understøtte ein delingskultur
- Evne og vilje til å kunne vere instruktør eller fagleg leiar for lærling/lærlingar
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein interessant og variert arbeidsdag
- Gode pensjonsvilkår
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Kjetil Vetrhus, leiar, 41530841Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 36770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4987331514
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Kjetil Vetrhus
leiar
41530841
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c558b63-f58a-48c7-ad2f-a76a94799adc
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4046f7e72e15433ea91a502d7173b2ed