Rådgjevar/førstekonsulent - Studierettleiing
Nord universitet
Universitetsalléen 11, 8026 Bodø
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/førstekonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Ved Nord universitet, Fakultetet for biovitskap og akvakultur, er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar/førstekonsulent ved fakultetets studieadministrasjon. Vi søker derfor etter ein dyktig, serviceinnstilt og engasjert medarbeidar som kan bidra til å styrkje den administrative kompetansen vår.
Den som vert tilsett vil ha utstrekt kontakt og samarbeid med studentar, tilsette ved fakultetet, fellesadministrasjonen og andre einingar ved Nord universitet.
Stillinga har kontorstad Bodø.
Arbeidsoppgåver
I hovudsak vil arbeidsoppgåvene vera knytte til:
- Studierettleiing
- Generell saksbehandling
- Administrativ oppfølgjing av eit eller fleire av fakultetet sine studieprogram
- Administrativt arbeid knytta til praksis i studietilboda
- Oppgåver knytta til web og kommunikasjon
- Studentrekruttering
- Anna administrativt arbeid
Arbeidsoppgåvene vil kunne verte endra ut i frå den kompetanse og kapasitet som administrasjonen til ei kvar tid har.
Kvalifikasjonskrav
- For tilsetjing i stilling som rådgjevar krevst relevant utdanning frå universitet eller høgskule, mastergrad eller tilsvarande. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensera for delar av utdanningskravet.
- For tilsetjing i stilling som førstekonsulent krevst relevant utdanning frå universitet eller høgskole, bachelorgrad eller tilsvarande. Lang og relevant praksis kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Gode IT-kunnskapar.
Ønskte kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Erfaring frå offentleg forvaltning, og dessutan kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og fakultetet sine utdanningstilbod
- Kunnskap og erfaring frå store organisasjonar med stor administrativ og fagleg kompleksitet
- Evne til å arbeide systematisk, strukturert og sjølvstendig, men også i team
- Erfaring med bruk av relevante IKT-verktøy
- Ha god evne til å kommunisera og samarbeide med studentar og kollegaer
- Personlege eigenskapar som kan bidra positivt i arbeidsmiljøet vil bli tillagd stor vekt
Vi tilbyd
Stillinga blir løna etter Statens regulativ,
- kode 1408 førstekonsulent - NOK 524 700 – 575 400,- i året. For særleg kvalifisterte søkjarar kan høgare løn og kode 1363 seniorkonsulent avtalast.
- alternativt kode 1434 rådgjevar - NOK 575 400 – 679 700,- i året
Løn ut frå ansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn avtalast.
Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- God låne-, forsikrings- og pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
- Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass i stadig utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Aktivt bedriftsidrettslag
Generell informasjon
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søkje.
Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Kontakt
Nærare opplysing om stillinga får ein ved å ta kontakt med:
Søknad
Søknad m/cv og kopi av vitnemål og attestar sendast elektronisk innan 28.06.2023
All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.
Referanse: 30135463
Om bedriften
Nord universitet
Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.
I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.
Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.
Fakultet for biovitskap og akvakultur (FBA) utdannar menneske som fremjar berekraftig og nytenkjande utvikling for å møte globale utfordringar innan matproduksjon, klima og miljø.
Fakultetet er ein internasjonal arena for utdanning, forsking og kunnskapsformidling, med tilsette og studentar frå 31 land. Fakultetet tilbyd doktorgrad (ph.d.) i biovitskap.
Fakultet for biovitskap og akvakultur har 900 studentar og 165 tilsette i Bodø og Steinkjer. Fagmiljøet er organisert i faggruppene Akvakultur, Økologi, Genomikk Husdyr, produksjon og velferd, og Alger og Mikrobiell Bioteknologi.
Les meir: www.nord.no/fba
Sektor
Offentlig
Nettsted