Organist/kyrkjemusikar ved Kinn kyrkjelege fellesråd
Kinn Kyrkjelege Fellesråd
Strandgata 43, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
Organist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Vi har ledig 80 prosent fast stilling som organist/kyrkjemusikar i Kinn kyrkjelege fellesråd, med snarleg tilsetjing. Arbeidsområdet vil vere i den sørlege delen av Kinn kommune (Flora), med sokna Kinn, Eikefjord, Bru og Nordal, men ved behov kan det vere aktuelt med oppdrag i den nordlege delen av kommunen. Fellesrådet har tre organistar, ein i nord og to i sør. Tenesteområdet har fem kyrkjer, men fleire preikestadar.
Arbeidet vil i hovudsak gå ut på speling til gudstenester, gravferder, andaktar og andre kyrkjelege handlingar. I tillegg vil ein ha ansvaret for ulike kor. Det må reknast med arbeid i helgar og kveldar. Organistane vikarierer for kvarandre.
Arbeidsoppgåver:
-
Utvikle, planlegge og gjennomføre gudstenester og andre kyrkjelege handlingar
-
Leggje til rette for aktivt song- og musikktilbod i kyrkjelyden
-
Arrangere konsertar i samarbeid med andre, eventuelt dirigere og drifte kor
-
Medverke i trusopplæringstiltak, konfirmantarbeid, skulesamarbeid og liknande
-
Samarbeide med andre tilsette og frivillige
-
Tilsyn og vedlikehald av instrumenta
-
Arbeid med born og unge
-
Andre oppgåver delegert frå kyrkjeverja
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
-
Relevant utdanning innan kyrkjemusikk eller musikk
-
Gode samarbeidsevner -- både med andre tilsette, frivillige og andre
-
Må ha førarkort og disponere eigen bil
-
Fleksibel og må kunne tilpasse seg etter kyrkjelydane og ulike aldersgrupper
-
Bør meistre norsk munnleg og helst skriftleg
-
Stillinga set krav til at kandidaten kan arbeide sjølvstendig
Vi vil leggje stor vekt på at kandidaten er godt eigna til arbeidet, ut frå personlege eigenskapar.
Stillinga vert lyst ut med lønskode 5183, med krav om utdanning på bachelor-nivå eller tilsvarande. Kandidatar med mindre utdanning er velkomne til å søkje, men vert plassert i lønskode 5244 eller 5147. Kandidaten må vere budd på at stillinga kan endre seg etter behovet i fellesrådet.
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert lagd stor vekt på at personen er eigna til stillinga. Pensjonsordning gjennom KLP. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og prøveinnspeling. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter lover, reglement og tariffavtale. Vi krev godkjend politiattest ved tilsetjing på grunn av arbeid med born og unge, jf. trussamfunnslova § 20. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar kan gjerast offentlege, jamvel om søkjaren bed om å ikkje vere offentleg, jf. offentleglova § 25.
Send søknad og dokument til dag.henrik.nygaard@kinn.kyrkja.no. Søknadsfrist 29. april 2022
For meir informasjon, kontakt kyrkjeverja i Kinn, Dag Henrik Nygård, 466 455 75.
Om bedriften
Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for kyrkjer og gravplassar i Kinn kommune. Det er seks sokn, sju kyrkjer, 20 kyrkjegardar og om lag 17 000 innbyggjarar. Vi har kontor i Florø og Måløy.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1979792
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7c33ecec-c3c0-40c2-8323-21d850de76db