Lærar i 100 % vikariat – bli med og skap gode dagar for elevane ved Stette Montessoriskule
Stette Montessoriskule
Bjønnaberget 9, 6260 Skodje
Om jobben
- Stillingstittel
- Montessoripedagog/lærer
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Send søknad til
Vil du vere med å skape gode dagar for elevane ved Stette Montessoriskule?
Stette Montessoriskule søkjer lærar i 100 % vikariat frå 01.08.2026 og fram til jul, med moglegheit for forlenging.
Stette Montessoriskule er ein privat grunnskule for 1.--7. trinn. Pedagogikken vår er basert på Maria Montessori sine idear om læring og utvikling.
Hos oss møter du glade, leikne og lærelystne barn -- og vaksne som sjølve er nysgjerrige, engasjerte og opptekne av læring. Vi legg vekt på trygge relasjonar, fagleg utvikling og eit inkluderande læringsmiljø med høg vaksentettleik.
Som lærar hos oss får du arbeide tett på elevane i eit lite og oversiktleg miljø. Du vil vere ein viktig del av både det faglege og det sosiale arbeidet rundt elevane, og bidra til å skape ein god og meiningsfull skulekvardag.
Arbeidsoppgåver
-
planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med skulen sitt pedagogiske grunnlag
-
følgje opp elevane fagleg og sosialt
-
bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
-
kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
-
samarbeide tett med kollegaer og føresette
-
delta aktivt i utviklingsarbeid ved skulen
-
bidra i skulen sine felles aktivitetar og arrangement
Kvalifikasjonar:
-
godkjent lærarutdanning for 1.--7. trinn er ønskjeleg
-
montessoriutdanning er sterkt ønskjeleg
-
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
godkjent politiattest
Skulen kan leggje til rette for vidare utdanning innan montessoripedagogikk.
Personlege eigenskapar:
-
er ein trygg og tydeleg vaksen
-
er god på relasjonar og ser kvart enkelt barn
-
arbeider strukturert og sjølvstendig
-
samarbeider godt med andre
-
viser engasjement for læring og utvikling
Vi ønskjer at du er kvalifisert for stillinga du søkjer på. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi kan tilby
-
gode løns- og arbeidsvilkår
-
medlemskap i KLP
-
eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
-
engasjerte kollegaer, elevar og føresette
-
moglegheit for fagleg utvikling
Aktuelle kandidatar vil kallast inn til intervju.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kort om skulen
Stette Montessoriskule er ein montessoriskule i idylliske omgjevnader, innramma av fjord og fjell. Vi har 60 elevar og 10 tilsette fordelt på 1.--7. trinn.
Vi er opptekne av å skape ein skulekvardag der kvar elev blir sett, opplever meistring og får utvikle seg i sitt eige tempo. Gjennom praktisk og utforskande undervisning, tett samarbeid med føresette og aktiv bruk av nærmiljøet, ønskjer vi å gi elevane ei kjensle av tilhøyrsle og motivasjon for læring.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7c1e7f6c-c518-4191-9bdb-4f66563b7de9
- Sist endret
26. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
7c1e7f6c-c518-4191-9bdb-4f66563b7de9