Hopp til innhold

Extra Volda Furene søkjer butikkmedarbeider

Arbeidsgiver

Coop Nordvest SA

Sted

Morkamyra4 Furene, 6105 Volda

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 26. august

Vi har ledig stilling som tilkallingsvikar, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Ein må kunne stille  på dagtid, kveld, helg og ved høgtider og ferieavvikling.  Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk. 

Arbeidsoppgåver
  • Kundebehandling
  • Kasse
  • Varemottak / vareplassering
  • Førefallande reinhald og rydding

 

Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef 

Søknad og CV registrerast digitalt.

Søknadsfrist: 26.08.26

 

Om bedriften

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 192 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7c12b42c-678e-40ce-af7c-839d7a57d42b

Sist endret

13. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6afaf5b21e464054b8d30bd7eb82a95c

Lignende annonser

Laster lignende annonser