Sjukepleiar med sans for fart, folk og litt gøy?
Gastroenterologisk og nyremedisinsk post Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. mai
Hos oss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag med høgt tempo og stor fagleg bredde. Vi har ikkje tenkt å pynte på verkelegheita: Dette er ei stilling der du får brukt heile deg – og litt til. Her er det høgt tempo, oppgåver som gir deg både meistringsfølelse og god puls, og kollegaer du kan lene deg på.
Så klarer du å halde hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong – og har lyst til å vere med og gjere arbeidskvardagen litt kjekkare for oss alle? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
👉 Klikk på søkeknappen - Vi har plass til deg på laget vårt.
Klikk her for å bli betre kjent med oss!Kva går jobben ut på?
Du vil jobbe med pasientar innan gastromedisin og nyremedisin – ofte med komplekse og alvorlege sjukdommar. Det betyr at sjukepleiefaget får stort rom, og at du får brukt både hovudet og hjartet. Vi jobbar i tverrfaglege team og støttar kvarandre– og vi blir stadig betre på å stå saman.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har lett for å vere blid og positiv.
- er god til å sjå mennesket bak sjukdommen
- likar å vere ein støttespelar for kollegaene dine.
- taklar utfordringar på ein god måte, og er flink til å finne løysingar saman med andre.
Kvifor velje oss?
- Høve til å påverke og vere med i ei utvikling vi er stolte av å vere i gang med
- Moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs og fagdager
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Silje Berning, Funksjonsleiar, +47 99288054Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4928973080
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Silje Berning
Funksjonsleiar
+47 99288054
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2911172
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b38f384e9fa4fc19a489a308625fe40