To stillingar som undervisningsassistent
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
To stillingar som undervisningsassistent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. april
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wTo stillingar som undervisningsassistent
Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig to stillingar som undervisningsassistent frå 4. august 2025 til 31. mai 2026.
Arbeidsoppgåver:
- Vere undervisningsassistent på emne på 100- og 200-nivå i haustsemesteret 2025 og vårsemesteret 2026, tilpassa utdanningsbakgrunn til den som får stillinga. Dei to som vert tilsett må til saman i størst mogleg grad dekke emne innan både samfunn-, natur- og miljøgeografi.
- Leie seminargrupper/datalab i dei respektive emna, både på norsk og engelsk. Kommentere obligatoriske oppgåver. Ha ei mentorrolle for bachelorstudentar og årsstudentar i geografi, spesielt dei heilt ferske studentane.
- Planlegge og gjennomføre rekrutteringsarbeid og besøk på vidaregåande skular.
- Førefallande arbeid for instituttet i periodar det er færre oppgåver knytt til emne ein er undervisningsassistent i.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad i geografi. Graden må vere fullført våren 2025.
- God språkkunnskap i engelsk og norsk munnleg og skriftleg
- God administrativ IT-kompetanse
- Relevant arbeidserfaring vil vere ei føremon, For undervisningsassistentar som ikkje har pedagogisk opplæring, vil det bli arrangert kurs i seminarpedagogikk i byrja av semesteret
- Evne til å arbeide systematisk, resultatorientert og sjølvstendig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og arbeidsvillig
- Like å jobbe med menneske og vise engasjement for faget
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Årsløn tilsvarande NOK 509 300 (stillingskode 0389 – Fagkonsulent) For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.) Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Søknadsfrist: 23. april 2025.
Saksnummer: 25/3710
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleder Peter Andersen, e-post: Peter.Andersen@uib.no eller tlf.: 55 58 30 63, eller studiekonsulent Grethe Meling, Grethe.Meling@uib.no eller tlf.: 55 58 30 73.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig