Fagarbeidar elektro, automasjon eller maskin
SFE
6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar elektro, automasjon eller maskin
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Fagarbeidar elektro, automasjon eller maskin
Vi treng deg som ønskjer å bidra i drift og vedlikehald av vasskraftverk
I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen – det er samfunnsoppgåva vår! I Noreg – og i heile verda – er vi avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. Som energiselskap er vi eit viktig verktøy i dette arbeidet. I tillegg tek vi del i arbeidet med å finne berekraftige grøne løysingar der vi tek energien i bruk.
Vi er ein stor kraftprodusent i vår region, og leverer også tenester til kraftverk eigd av andre. Vi søkjer no etter fagarbeidar innan elektro, automasjon eller mekaniske fag (elektrikar / automatikar / mekanikar / energioperatør / energimontør). Aktuelle arbeidsoppgåver er innan drift, vedlikehald og prosjektarbeid på våre eigne og eksterne kraftverk i regionen vår.
Du som søkjer har solid teknisk kompetanse, og er vand med å etterleve ein svært høg standard når det kjem til tryggleik og HMS i praksis. Du har erfaring frå drift og vedlikehald av tekniske anlegg, samt relevant fagbrev. Du har og førarkort klasse B eller BE, og kan trivast med ein arbeidskvardag som går føre seg i Askvoll, Sunnfjord eller Gloppen kommunar, eller ved våre anlegg i Vetlefjorden og Bjordal.
Om du har anna relevant bakgrunn, til døme fagskule eller høgare utdanning innan elektro- eller maskinteknikk, ønskjer vi også å høyre frå deg.
Vi set pris på at du likar å jobbe sjølvstendig, at du står på og er oppteken av effektivitet, utvikling og forbetring. Ditt gode humør og sosiale vesen gjer deg til ein god bidragsytar for miljø og samhald. Du synst og det er kjekt med ein god del reising i jobben.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktige vilkår, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Oppmøtestad i stillinga vil vere i firmabil, og arbeidet vil gå føre seg på ulike plassar i vår region - men i hovudsak langs aksen Gloppen-Sunnfjord-Askvoll.
Før tilsetting av den rette kandidaten hos oss, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Vi er på jakt etter folk løpande, og gjer vurdering av kandidatar undervegs. Er du interessert, ikkje nøl med å sende din søknad.
Har du spørsmål kan du ta kontakt med Avdelingssjef Kraftverk, Bjarte L. Hauge, tlf. 908 39 039.
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Kontaktperson for stillingen
Bjarte L. Hauge
Avdelingssjef Kraftverk
908 39 039
Om bedriften
I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre – og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen – det er samfunnsoppgåva vår! I Noreg – og i heile verda – er vi avhengige av meir fornybar energi om vi skal nå klimamåla. Som energiselskap er vi eit viktig verktøy i dette arbeidet. I tillegg tek vi del i arbeidet med å finne berekraftige grøne løysingar der vi tek energien i bruk.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7bd8a048-938b-4206-bcf1-8bd82c11b4a7
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4552173
Lignende annonser
Elektrikar/Automatikar
Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Sted
Naustdal
Femac AS søker sveiser, platearbeider, industrirørlegger, elektriker
Arbeidsgiver
Femac AS
Sted
Skei i Jølster
Byggdriftsansvarleg
Arbeidsgiver
Steinvik Gruppa
Sted
Eikefjord, Askvoll, Bremanger