Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
24
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Nevroklinikken, Spinaleininga
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering - Post 2
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1, Post 3, Urologisk avdeling post 2
- Hovud-hals og auge avdeling, Hovud-hals og auge sengepost , Øyre-Nase-Hals Poliklinikk
- Hjarteavdelingen, Hjarte 4
- Mottaksklinikken, Korttidsposten
- Lungeavdelinga, Post 1
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.
Kontakt: Hege Storlid, Tlf. 93051019.
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) post 2 har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus med noen nattevakter og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.
Kontakt: Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.
Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 40 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408.
Gastrokirurgisk avdeling, post 3 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 20 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i
heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god
på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får
du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på
fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Vi har 3-delt turnus med moglegheit for langvakter.
Kontakt: Marius Andreassen, Tlf. 55973508 eller Marianne Titland Sørensen Tlf. 55973599.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovudsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som treng kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sjukepleie er også ein stor del av vår kvardag. Vi har 3-delt turnus med moglegheit for langvakter frå mars 2026.
Kontakt: Jorunn Bjørnsdottir, Tlf 55970011 eller Thea Amalie Sagstad Nestaas Tlf. 55970011.
Hovud-hals og auge sengepost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Likar du ein spennande, variert og lærerik kvardag? Avdelinga vår har fleire kirurgiske fagfelt og stipendordning for kreftsjukepleie. Det er stor variasjon av sjukepleie prosedyrar og arbeidsoppgåver. Det er svært høg trivsel i avdelinga med eit godt og trygt arbeidsmiljø og teamarbeid. Vi har fadderordning for nye sjukepleiarar, ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Ta kontakt om du ønsker ein omvising i avdelinga eller har spørsmål.
Kontakt: Kjersti Walde, Tlf. 55973502 eller Natallia Pashkouskaya, Tlf. 55973515.
Øyre-Nase-Hals Poliklinikk treng sjukepleiar i 100% stilling med på laget. ØNH poliklinikk er ein av dei største poliklinikkane på Haukeland og har ansvar for utgreiing, behandling, kontrollar og oppfølging av pasientar med sjukdommar i øyre-nase-hals regionen. Vi har også ein stor og ny poliklinikk for øyre-nase-hals barn i Glasblokkene. Vi som sjukepleiarar i poliklinikken jobbar tett saman med andre ulike yrkesgrupper. Vi er ute etter deg som gjerne har interesse eller erfaring med å jobbe med barn. Du må vere ein lagspelar og bidra til ein god og effektiv arbeidskvardag for deg sjølv og dine kollegaer. Vi som arbeidsplass kan tilby ein varierande arbeidskvardag, eit godt arbeidsmiljø og eit spennande fagfelt. Arbeidstid er hovudsakleg dagarbeid måndag til fredag, med rundt éin kveldsvakt med arbeidstid 12.30-20.00 fordelt på 2 månader. Hvis du ønsker å komme å sjå korleis det er å jobbe i poliklinikk må du veldig gjerne ta kontakt.
Kontakt: Mathilde Birkeland, Tlf. 47266512.
Hjartepost 4 er ein thorax-kirurgisk sengepost, der pasientane kjem for planlagde inngrep eller øyeblikkeleg hjelp kirurgi. Vi utfører hjarte- og lungeoperasjonar, pectusplastikk og andre thoraxkirurgiske inngrep. Pasientar som skal til kateterbasert klaffebehandling (TAVI, TEER) blir også behandla her. I tillegg blir pasientar med skadar i brystveggen/thoraxtraume innlagd på posten. Vi har eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med mange spennande arbeidsoppgåver.
Kontakt: Kari Henriksen, Tlf. 41208259.
Korttidsposten er ein døgndriven seksjon i Mottaksklinikken med plass til 20 pasientar. Pasientane i Korttidsposten kan ha mange ulike tilstandar og sjukdommar, frå alle medisinske fagområde. Dei er i hovudsak pasientar med avklarte tilstandar og med forventet kort liggetid. Mange av våre pasientar blir utskrevne etter opphaldet hos oss, mens andre blir innlagt for behandling i spesialavdelingane i sjukehuset.
Kontakt: Anette Tvedt, Tlf. 55970880.
Lunge post 1 er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin. Vi har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse.
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5005313995
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7bc3a761-0c9a-4386-9243-9732ddb940d4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf1f0b58bd6e40b9ad0c20921df18c17