Seksjonsleiar
Skopi-urologi-operasjon poliklinikk, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Skopi-urologi-operasjon poliklinikk, Liva, har ledig fast stilling som seksjonsleiar.
Skopi-Urologi-Operasjon poliklinikk er ein fagleg spennande og variert arbeidsplass med høg aktivitet og eit godt, inkluderande arbeidsmiljø. Hos oss møter du eit engasjert fagmiljø som arbeider tett saman for å gje pasientane trygge og effektive tenester.
Vi dekkjer fagfelta
- urologi
- gastroenterologi
- plastikkirurgi
- bryst- og thyreoideakirurgi
- generell kirurgi.
Alle scopiar – både medisinske og kirurgiske – blir utførte her. I tillegg vert det gjennomført kirurgiske og ortopediske småinngrep ved dei tre operasjonsstovene som er lokalisert i seksjonen.
Poliklinikken har i dag 22 tilsette, inkludert
- sjukepleiarar
- spesialsjukepleiarar innan gastro- og urologifelta
- stomisjukepleiarar og operasjonssjukepleiar
Det er tett og godt samarbeid mellom sjukepleiarar, legar og sekretærar, og stillinga krev aktiv deltaking i det daglege tverrfaglege arbeidet.
Helse Førde har i samband med nytt sjukehusbygg utført omfattande omstillings- og utviklingsarbeid. Det vert kontinuerleg arbeidd med utvikling og forbetring av tenestene og organisering. Som seksjonsleiar vil du få ei sentral rolle i fleire av desse prosessane og prosjektarbeida.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg og administrativ leiing av seksjonen
- Personalansvar og oppfølging av tilsette
- Sikre god fagleg kvalitet og pasienttryggleik
- Delta i - og bidra til utviklings- og forbetringsarbeid
- Planlegging og koordinering av drift
- Vere fleksibel og kunne delta i klinisk drift ved behov – stillinga krev brei fagleg forståing av alle områda poliklinikken dekkjer
- Bidra til god samhandling på tvers av fagområde
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule-/universitetsutdanning (helsefagleg bakgrunn er ønskt)
- Leiarkompetanse og/eller erfaring frå leiarstilling
- Erfaring frå poliklinikk eller kirurgisk verksemd vil bli vektlagt
- Gode IT-kunnskapar og systemforståing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og samlande leiar med gode kommunikasjonsevner
- Motiverande og inkluderande – skaper engasjement og trivsel
- Strukturert, løysingsorientert og ansvarleg
- Evne til å sjå heilskap og bidra til utvikling
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Leiarutviklingsprogram
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Utfordrande og spennande stilling i samspel med mange engasjerte og dyktige kolleger i eit godt fagmiljø.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frøydis Hustveit, Avdelingssjef, (+47) 906 90 835Evelyn Stavang, Assisterande avdelingssjef, (+47) 902 68 760
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5034288666
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.11.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7bc2611e-a776-4a0d-a91f-8b7bfcacad11
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4509eb7c64245d09fdcd679288243ce
Lignende annonser
Overlege - Radiologi
Arbeidsgiver
Radiologisk avdeling, Helse Førde
Sted
Førde
Radiografar til Førde sentralsjukehus
Arbeidsgiver
Radiologisk seksjon Førde, Helse Førde
Sted
Førde
Rådgivande overlege
Arbeidsgiver
Nav Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse
Sted
Førde, Førde
Rådgjevar forsking og innovasjon
Arbeidsgiver
Forsking og innovasjon, Helse Førde
Sted
Førde