Hopp til innhold

Sjukepleiar søkjast til prisvinnande avdeling

Arbeidsgiver

Avdeling somatikk Odda sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 31. august

Ønsker du å arbeide på ei framoverlent avdeling?

Kirurgisk og medisinsk poliklinikk driv aktivt med forbetringsarbeid og er ei avdeling som har fokus på å ta i bruk digitale løysingar. Vi vann Arbeidsmiljøprisen i 2024 og Kvalitetsprisen i 2025. Vi ser etter deg som bidrar positivt til arbeidsmiljøet og som er oppteken av fag og god pasientbehandling. 

Stillinga inneber arbeid kvar 4. helg på medisinsk og kirurgisk sengepost.

Ring gjerne leiar for ein uformell prat – vi vil gjerne høyre frå deg!

Oppstart etter avtale.


Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleieoppgåver i poliklinikk.
  • Undersøking og behandling av kirurgiske og medisinske pasientar.
  • Administrativt arbeid knytt til poliklinikkane.
  • Bidra i forbetringsarbeid i avdelinga.
  • Rettleiing av studentar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode munnlege og skiftlege norskkunnskapar.
  • Ønskjeleg med minimum 2 års sjukehuserfaring.
  • Videreutdanning innan sår er ønskeleg, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeider strukturert
  • har evne til å prioritere oppgåver og finne løysingar
  • trivst med å arbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
  • tek imot nye utfordringar
  • er ein positiv bidragsyter til endringsprosessar og digitalisering

Kvifor skal du velje oss?


  • Tilpassa opplæring med sjukepleiar.
  • Inkluderande kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • Ei avdeling som driv aktivt med forbetringsarbeid.
  • Mogleghet for å vere med å påverke egen arbeidskvardag.
  • Ein tilgjengeleg og synleg leiar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anita Narheim, Funksjonsleiar, 97527319, anita.narheim@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5160520357
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Anita Narheim

Funksjonsleiar

97527319

anita.narheim@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7bbc3e47-1054-4521-a135-ae4c1be93897

Sist endret

4. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

239f0ddd7dec457aa742b95ca7e918b4

Lignende annonser

Laster lignende annonser