Hopp til innhold

Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette!

Arbeidsgiver

Kirurgisk og medisinsk post, Odda sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Om jobben

Oppstart
22. februar 2027
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 11. desember

Fast jobb, godt samhald og ein variert kvardag – her får du alt!

Likar du at dagane flyg av garde fordi du alltid har noko viktig å bidra med? Hos oss er ingen dagar heilt like. Nokre dagar er det fullt trøkk og høgt tempo, medan andre gir tid til gode faglege refleksjonar og ein prat med kjekke kollegaer. Vi tilbyr òg langvakter, og du får vere med og påverke din eigen turnus. Kanskje er dette arbeidsplassen for deg?

Avdelinga vår har 9 sengeplassar og 2 kommunale ØHD-senger for Ullensvang kommune. Vi jobbar i eit tverrfagleg miljø og opplever at vi har eit godt og nært samarbeid med både legar og fysioterapeutar.

Vi kan hjelpe deg med bustad, og du kan få nedskriving av studielån på 25 000 kroner etter at du har vore busett i eitt år. Her får du gode høve til fagleg utvikling i eit nært og inkluderande arbeidsmiljø – med naturen rett utanfor døra.

👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!


Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleiefaglege oppgåver, prosedyrar og observasjonar.
  • Gi pre- og postoperativ sjukepleie til pasientane.
  • Dokumentere gjennom behandlingsplanar, målretta tiltak og evalueringar.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre pasientane eit best mogleg opphald på avdelinga.
  • Koordinere utskrivingar og samarbeide tett med kommunehelsetenesta.
  • Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit òg når du skal be om råd
  • har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først
  • er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer
  • trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Kvifor skal du velje oss?

Jo, fordi vi har:

  • Ein variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring. 
  • Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
  • God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
  • Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
  • Tilrettelagd turnus – her får du tilbod om langvakter og ønsketurnus.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssjukepleiar, 53651013, kristin.espe.jensson@helse-fonna.no
Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, 40518183, andreas.jacobsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5194513472
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 22.02.2027
Søknadsfrist: 11.12.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kristin Espe Jensson

Fagutviklingssjukepleiar

53651013

kristin.espe.jensson@helse-fonna.no

Andreas Jacobsen

Funksjonsleiar

40518183

andreas.jacobsen@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

64707f67-ea80-4023-a568-54be443fc538

Sist endret

12. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

89a33b13fa084aa6a42eda4037baa195

Lignende annonser

Laster lignende annonser