Er du vår nye oppdragsleiar?
Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Oppdragsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. august
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som oppdragsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i distriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
I stillinga som oppdragsleiar vil dine hovudoppgåver vere å leie og koordinere oppdrag etter føringar frå operasjonsleiar, til dømes enkeltoppdrag eller for eit geografisk område.
Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det anna kvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga som oppdragsleiar er organisert under seksjon for operativ styring. Operasjonssentralen er plassert i politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal. Oppmøtestad er i Ålesund. Litt reiseverksemd kan forekomme.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som vil vera med å leie situasjonsbestemt og vera tett på i oppdragsløysinga til politiet. Derfor treng vi deg som har både har gode leiareigenskapar, og gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Leie og koordinere oppdrag etter føringar frå operasjonsleiar
- Sørge for å kvalitetssikre og understøtte operatørane sitt arbeid
- Sørge for god kommunikasjon med innsatsleiar eller annan utpeikt leiar på taktisk nivå
- Sørge for god kommunikasjon og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Bistå operasjonsleiar med handtering av media, samt informere befolkninga ihht. sentrale og lokale retningslinjer
- Bistå operasjonsleiar med å ivareta ansvar for HMS-tiltak for tenestepersonar i aktiv teneste
- Bistå operasjonsleiar med registrering i TTA
- Sørge for at oppdrag i PO avsluttast, ordning etter avtale med operasjonsleiar, og at ein til ein kvar tid har ein oppdatert logg
- Må kunne overta rolla som operasjonsleiar når operasjonsleiar er ute av rommet
- Bistå operasjonsleiar ved mediehandtering
- Rettleie øvrige tilsette ved operasjonssentralen
- Bidra til god leiing og vidareutvikling av eigen seksjon
- Utføre oppgåver skildra i "rutiner vedrørende arbeidsfordeling samt gjøremål for OL og ODL"
- Skal i utgangspunktet ikke besvare 02800 telefoner, dette vurderes fortløpende
- I tilfelle der operatør ikkje har kapasitet og det ikkje er mogleg med ei omprioritering av operatør til å ta 112-telefonar skal oppdragsleiar bistå
- Kan etter nærmare godkjenning fungere som operasjonsleiar på enkeltståande vakter
- Kan av seksjonsleiar påleggast andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Brei erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordensteneste og etterforsking
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Kjennskap til politiet sine operative styringssystem
Det er også ønskjeleg med:
- Relevant leiarutdanning
- Erfaring frå operasjonssentralen
- Erfaring som leiar
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar, herunder kunne leie situasjonsbestemt og har god evne til å motivere og bygge opp medarbeidarane
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Høg stresstoleranse
- Endringsvillig
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ei utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Fast stilling som politioverbetjent 0287 i Møre og Romsdal politidistrikt.
- Lønn frå kroner frå 640 000 – 660 000.
- Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste.
- Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av lønna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
- Mogelegheit til trening i arbeidstida
Slik søkjer du
Du søker ved å skrive et kort søknadsbrev, registrere utfyllende CV og legge ved relevante vitnemål og attester.
Opplysninger om deg kan bli offentliggjort selv om du har anmodet om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følge, vil du bli varslet om dette.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcKontaktperson for stillingen
Thomas Holte
Avsnittsleiar
+ 47 70 11 87 00
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet: Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7bb832cf-fb75-49dc-8174-25ffeecfdbe3
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254034