Psykologspesialist
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9, 6516 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Oppstart
1. november 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har behov for fleire psykologspesialistar - vil DU bli vår nye kollega?
Vi har ledig 100 % fast stilling for psykolog/psykologspesialist ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund frå 01.11.23.
Stillinga er for tida knytta opp til Distriktsteamet, med arbeidstad per tida på Liabø på Vågland.
Distriksteamet er eit allmennpsykiatrisk team. Teamet er tverrfaglig samansett og har per tiden 3 behandlarstillinger og delvis ein merkantil tilsett. Teamet tar inn pasientar frå norddelen av Nordmøre, samt nokre pasientar tilhøyrande kommunene Heim og Rindal.
Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar, og er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk. Av dette er det 13,5 psykologspesialist stillingar.
Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til menneske som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Med bakgrunn i tilvisinga, vil dei fleste pasientar få tilbod om helsehjelp her. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling.
Vågland er ein liten tettstad i Heim kommune og ligg midt mellom byane Trondheim og Kristiansund. Området har mykje natur å by på, varierte turmulegheiter i både skog, fjell og fjord. Området kan by på varierte mulegheiter for å delta i kultur og idrettsaktivitetar. Ny svømmehall, barne- og ungdomsskole og barnehage ligg tett ved arbeidsstad.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Arbeidsoppgåver
- Utgreiing/ diagnostisering og behandling, både sjølvstendig og i samarbeid med tverrfagleg team.
- Vidareutvikling av behandlingstilbodet.
- Rettleiing internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist
- Psykologar som ikkje er ferdig spesialist kan òg søkje. Det vil bli lagt til rette for fullføring av spesialisering.
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg.
- Sertifikat klasse B (personbil)
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel og løysingsorientert .
- Du er nytenkjande, ansvarsbevisst og endringsorientert.
- Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse.
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø.
- Du jobbar sjølvstendig, men samstundes fungerer godt i samarbeid med andre.
- Personleg eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst.
- Rekrutteringstillegg.
- Eit triveleg arbeidsmiljø.
- Dekking av flytteutgifter etter gjeldande reglement.
- Studiepermisjon 4 mnd. kvart 5. år for spesialistar.
- Internundervisning og gode moglegheiter for vidare- og etterutdanning.
- Tilrettelagt for rettleiing og kurs som er medrekna for å vedlikehalde spesialiteten.
- For ikkje-spesialistar vil vi legge forholda til rette for å fullføre spesialisering.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid.
- Ein inkluderande arbeidsplass.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Guri Otnes Fjærli, Teamkoordinator Distriktsteamet, 95 84 91 30, Guri.Otnes.Fjerli@helse-mr.noJørgen Lægreid, Konst. seksjonsleiar, 92 84 90 56, Jorgen.Legreid@helse-mr.no
Arbeidsstad
Hagan 96516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4634664057
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2023
Søknadsfrist: 04.06.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2281315
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9b5631c65cec47e484ee2c04e8a2b12d