Barne- og ungdomsarbeidar, Brandsøy skule og barnehage
Kinn kommune
Slettevollsholten 11, 6908 Florø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar, Brandsøy skule og barnehage
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. mai
For skule- og barnehageåret 2025-2026 har vi ledig stilling som barne- og ungdomsarbeidar i barnehagen
Arbeidsoppgåver
Vi er eit oppvekstsenter som får følgje barna frå dei startar i barnehage, til dei går ut av 7. klasse 12 år seinare. Når du jobber hos oss, får du lov til å:
- tilby dine ledige armer og fanget ditt til barn i barnehagen.
- kommunisere med små og store barn både verbalt og gjennom kroppsspråk.
- bruke ditt årvåkne blikk og observere barn i leik og samspill med andre.
- vere med å fremme danning og læring som legger grunnlaget for videre utdanning, og livet generelt.
- skape relasjonar til elevar som er nysgjerrige, fokuserte, undrande, ivrige, uthandande og robuste.
- hjelpe til med å la elevar - både i grupper og individuelt - få opplæring i tråd med læreplanar og rammeplanar.
- delta i både organisert leik og frileik
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid, eller anna relevant erfaring/utanningPersonlege eigenskapar
Vi ynskjer ein fagarbeidar som kan støtte, leie og rettleiie barn i alderen 1-5 år. Ein fagarbeidar som har ekstra fokus på leiken si rolle i barnehage, som bruker tid på å organisere rom, tid og leikemateriale for å inspriere til ulike typar leik. I kvardagen skal du fremme eit inkluderande miljø, der alle barna kan delta i, og erfare glede av leik.Du tar utfordringer på strak arm, og handterer ein kvardag som ikkje alltid gjekk, eller endte, slik som var planen når den starta. Du tar i mot råd og deler av din kunnskap - vi blir alltid betre og sterkare saman. Sist, men ikkje minst, så set du alltid barnet sitt beste først. Det vert lagt stor vekt på at ein er personleg skikka til jobben
Vi tilbyr
Eit nytt og moderne skulebygg og eit godt profesjonsfellesskap. Eit arbeidsmiljø med mykje humor og positivitet. Spanande og varierte arbeidsdagar. Lønns- og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk.Kontaktinformasjon
Monica Bøhmer, Rektor Brandsøy skule og barnehage, +47 90837323Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4966712062
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 22.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Monica Bøhmer
Rektor Brandsøy skule og barnehage
+47 90837323
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.419 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2935230
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f4bba3fec7a4b0fba4b59ca327060ec