Er du psykolog? Treng me deg i Voss herad!
Voss herad Barne og familiehjelpa
Voss herad, 5700 Voss
Om jobben
Stillingstittel
100 % psykolog hjå Barne- og Familiehjelpa
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Informasjon om stillinga:
Barne- og Familiehjelpa har fått tildelt prosjektmidlar frå statsforvaltaren. Me søkjer difor etter psykolog i 100 % stilling i eitt år med moglegheit for forlenging. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg. Stillinga vil ha ei særleg rolle i å støtta skulen i arbeidet med å redusera skulefråvær og auke utsette elevar sitt nærvær i skulen.
Barne- og Familiehjelpa er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering, vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. Barne- og familiehjelpa er eit lågterskeltilbod for innbyggjarar i Voss herad. Me har eit breitt fagmiljø med familieterapeutar, miljøterapeutar, PMTO-terapeutar mfl., og me jobbar tett i lag med kommunepsykologane. Du vert ein del av ei aktiv og kompetent faggruppe, som jobbar med mellom anna rettleiing, rådgjeving og miljøterapeutiske tiltak. Me gjev tilbod til barnefamiliar på lågterskel, der dei sjølve kan ta kontakt. Andre tenester som barnhage, skule, ppt og helsestasjon mfl kan og ta kontakt for drøft og tilvising saman med familien. Me tilbyr og tenester i form av tiltaksarbeid på vedtak frå barnevernstenesta, så vel som å støtte andre kommunale einingar i tilfelle der det er tenleg. Me er samlokaliserte med fleire andre hjelpetenester, og har sentrale kontorlokale på “Knutepunktet”, like ved Voss togstasjon. Du vert ein del av ei aktiv og engasjert faggruppe som saman arbeider for å styrkje barn, familiar og lokalsamfunnet her på Voss.
Arbeidsoppgåver:
- Kartlegging
- Rettleiing/rådgjeving til born, ungdom, foreldre og andre samarbeidspartnarar særleg skulane på Voss
- Systemretta arbeid
- Deltaking i organisasjons- og kompetanseutvikling
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisert psykolog, men anna relevant utdanning/erfaring kan verta vurdert
- Høgskule eller universitetsutdanning innanfor områda psykologi og/eller spesialpedagogikk/pedagogikk
- God kunnskap/erfaring med både det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske arbeidet i skule
- Sertifikat klasse B
- Utdanning frå utlandet må vera godkjentav direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Det er ynskjeleg med:- Kunnskap om relasjonsbygging og skulefråvær
- Kunnskap om åtferdsutfordringar
- God digital kompetanse
- Gode norskspråklege kommunikasjonsferdigheiter
Voss herad tilbyr:
- me tilbyr praksis, rettleiing og kurs i tråd med krav til ulike spesialiseringsretningar.
- gode vilkår for fagleg utvikling, moglegheit til å bidra i utviklingsarbeid.
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø, moglegheit til å jobbe tverrfagleg og systemretta i samarbeid med andre fagpersonar og tenester
- ein arbeidsplass som verdset psykologkompetanse og legg til rette for fagleg fellesskap og fagleg utvikling
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7af553e2-7f1a-4e9f-ac0e-b28ea4e917be
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3553039_250041_nn
Lignende annonser
100 % familieterapeut i prosjektstilling
Arbeidsgiver
Voss herad Barne og familiehjelpa
Sted
Voss
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Voss herad Barne og familiehjelpa
Sted
Voss
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Sted
Voss