Miljøterapeut 80% - 100% fast stilling
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
Om arbeidsstadenStillinga er i avdeling menneske med nedsett funksjonsevne, i Skulestadtunet- og Skulestadvegen. Her er det til saman 14 omsorgsbustadar. Ein har fokus på aktivitet og fleire deltar på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikk og symjing. Avdelinga har òg eit ambulerande team, der ein gjev tenester til personar som bur i eigne bustader i nærområde.
Arbeidsplassen vil hovudsakeleg vere i Skulestadvegen. Der er det fire døgnbemanna omsorgsbustader, men vil få to nye bustader frå januar 2026 med tilgang til nye fellesareal.
Stillinga er i turnus med jobb kvar 4.helg, dag/ettermiddagsvakter, langvakter og kvilande nattevakt.
Rekruteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,- ved nytilsett i Voss herad
Arbeidsoppgåver
- bistå bebuar i dagliglivet sine gjeremål og medverke til at den enkelte tek i bruk eigne ressursar til aktivitet og sjølvstende
- bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i verksemda
- dokumentering i pasientjournalprogramm, det vil bli gitt opplæring
- kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande
- Primærkontaktoppgåver
- andre oppgåver kan verta lagt til stillinga
- som tilsett skal du vere med å bidra til at teamet yter heilheitleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod til menneske med funksjonsvariasjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning
- gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- har god fagleg kunnskap og kjennskap til relevant lovverk
- Gode datakunnskapar
- førarkort klasse B
- erfaring i målretta arbeid til personar med ulike funksjonsvariasjonar
- har stort engasjement for målretta arbeid og kan arbeida systematisk
- er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- er ein positiv pådrivar til endringsarbeid og utvikling av tenesten
- bidrar til eit opent og positivt arbeidsmiljø
- har stort engasjement for målretta arbeid i relasjonar til menneske med funksjonsvariasjonar
Me tilbyr
- tverrfagleg samarbeid
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- rekrutteringstillegg for vernepleiar kr 16 000,-
Personelg eigenskapar vil verta vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Søknad
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.
Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk
ellertakast med ved evnt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2d485930-0e63-417b-be6e-2e4dfad5a7c0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3545095_213071_nn