Laboratorie- og feltingeniør asfalt og stein
Statens vegvesen
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Laboratorie- og feltingeniør asfalt og stein
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 11. september
Om stillinga
I laboratoria våre testar vi alt frå asfalt og steinmateriale til betong og geotekniske prøver. No ser vi etter deg som liker å jobbe praktisk og sjølvstendig, og motiverast av arbeidsoppgåver innan kvalitetskontroll av asfalt og stein!
Hos oss får du en variert arbeidskvardag med prøvetaking og kvalitetsoppfølging, både ute i felt og inne på laboratoriet vårt.
Vi hjelper byggherre med kvalitetsoppfølging, sikrar fagleg utvikling og jobbar med forskings- og utviklingsprosjekt for å forbetre norsk vegbygging og drift og vedlikehald – og for å bidra til at utviklinga går rette vegen.
I Statens vegvesen har vi ein landsdekkjande laboratorieseksjon med fem laboratorium. Per no består seksjonen vår av omtrent 40 medarbeidarar fordelte på ni lokasjonar.
Kontorstad for denne stillinga vil vere ved laboratoriet vårt i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Som laboratorie- og feltingeniør vil du planlegge, risikovurdere og kvalitetssikre ditt eige arbeid.
Du vil drive med oppfølging av kontrollarbeid ute i felt og etter behov gjennomføre rutineanalysar av asfalt og stein inne på laboratoriet. I tillegg vil registrering av data, tolking av resultat, vurdering opp mot krav samt rapportering til byggjeleiinga inngå i arbeidsoppgåvene dine. Du vil hovudsakeleg drive med kontroll av asfalt på riks- og europavegar i Vestland.
I rolla samarbeider du tett med kontrollingeniørar og byggeleiarar, og bidrar til materialkvalitet med fokus på asfalt og steinmateriale. Driftsoppgåver som tilsyn og kontroll av maskinar og utstyr legg også til stillinga, og bistand innan andre av seksjonens oppgåver må påreknast.
Stillinga vil innebere ein del reiseaktivitet og nattarbeid.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:- Minimum 3-årig utdanning frå universitet eller høgskole innan ein relevant fagretning, til dømes kjemi, vegteknologi eller bygg og anlegg. Relevant fagbrev og/eller omfattande arbeidserfaring innan dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Førarkort kl. BE.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt.
- God digital kompetanse.
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Personlege eigenskapar:Vi søkjer ein fagleg engasjert og kvalitetsfokusert person som er strukturert og nøyaktig. Du må ha rett HMS-fokus, og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, då vi fungerer som internkonsulentar for byggherremiljøa i vegvesenet. Fleksibilitet er viktig, sidan arbeidet omfattar reising og oppdrag som kan endre seg på kort varsel. Du bør også ha evne og vilje til å setje deg inn i bruk av teknisk utstyr og dataverktøy.
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Iris Hackelberg
Kontorsjef
+47 97 79 94 23
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane.
Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7ac76ced-90ae-45e0-a1e0-d1bb294d973c
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260661