Utdanningsstilling i intensivsjukepleie
Medisinsk sengepost Lærdal, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Utdanningsstilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Lærdal sjukehus lyser ut utdanningsstilling i intensivsjukepleie med oppstart hausten 2026.
Vi tilbyr løn under utdanning til sjukepleiarar som ønskjer å spesialisere seg i intensivsjukepleie. Etter gjennomført vidareutdanning og bestått eksamen får du tilbod om fast stilling som spesialsjukepleiar ved Medisinsk sengepost Lærdal sjukehus.
Føresetnad for tilsetjing er at du kan dokumentere studieplass, og at du har takka ja til plass ved vidareutdanninga i intensivsjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde.
Søk på studieplass intensivsjukepleie Høgskulen på Vestlandet.Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre utdanning i samsvar med studieoppsett for intensivsjukepleieutdanning
- Dei som får utdanningsstilling må pårekne 20% stilling utanom 90% utdanningsstipend, knytt til å arbeide i avdeling kvar 3. helg under utdanninga.
- Sommaren 2027 må ein jobbe i 100% stilling i minimum 4 veker ved medisinsk sengepost i Lærdal
Kvalifikasjonar
- Må ha autorisasjon som sjukepleiar, minimum 2 års praksis.
- Dokumentasjon på tilsettingsforhold som sjukepleiar i nedslagsfeltet til Helse Førde.
- Må ha søkt på utdanninga ved HVL innan søknadsfrist
Personlege eigenskapar
- Må kunne ivareta pasienten i ei høgteknologisk avdeling
- Må kunne samarbeide i tverrfaglege og varierte team
- Må ha evne til å arbeide i avdeling med høgt tempo
- Må ha evne til å kunne ta initiativ og arbeide sjølvstendig
- Må kunne gå tredelt turnus
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn tilsvarande 90% av full stilling etter gjeldande ansiennitet i samsvar med overeinskomst mellom Spekter og NSF, del A2, pkt.1.3.1. Lønn vert berre utbetalt i dei månadene studiesemesteret varer, dvs. ikkje i juli og august.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fast 100% stilling som spesialsjukepleiar med atterhald om gjennomført og bestått praksis og eksamen
- Bindingstid 3 år ved medisinsk sengepost i Lærdal
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon LSH, (+47) 415 30 456, hrafnhildur.yr.elvarsdottir@helse-forde.noMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594, marit.fossheim.ottersen@helse-forde.no
Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5095517614
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir
Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon LSH
(+47) 415 30 456
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7ac3368f-e4de-4f04-999f-15f9332f13d6
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5130aa70fa2c4a25a6445a9968ecaa6b