Ferievikar Butenesta 2025
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar Butenesta 2025
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Har du lyst på ein spanande og meiningsfylt feriejobb?
Vi har behov for ferievikarer sommaren 2025 og søkjer deg som er nyutdanna, framleis under utdanning eller som rett og slett vil bli kjent med eit nytt yrke.
Kompetansen vi har behov for er sjukepleiar, vernepleiar, miljøterapeut, helsefagarbeidar og assistentar. Du vil få nødvendig opplæring.
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av dei? Vi gir tenester til personar med ulike behov, dei fleste med diagnosen utviklingshemming.
Frå ca. 15. Juni og fram til ca. 31. august treng vi sommarvikarar for å gje praktisk/personleg bistand til tenestemottakarar i Butenesta Haram, Solbakken bukollektiv og Barnebustad og avlastningstenesta. Har du en preferanse om arbeidsstad, oppgi dette i søknaden.
Det er også mogleg å vere tilkallingsvikar i forkant av ferieavviklinga, dersom vi får søknaden tidleg nok. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Yte hjelp til tenestemottakar når det trengs.
- Skape gode aktivitetar saman med tenestemottakarar.
- Motivere og rettleie tenestemottakar.
- Dokumentasjon.
- Skape gode og trygge relasjonar.
- Legemiddelhandtering - kurs og opplæring vil bli gitt.
- Samarbeide og skape eit positivt miljø.
Kvalifikasjonar
- Du må helst vere fylt 18 år, men søkjarar frå 17 år og oppover kan vurderast.
- Politiattest er eit krav.
- Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Arbeidsvillig, engasjert og positiv.
- Løysingsorientert.
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du er fleksibel, lojal og likar å jobbe med menneske.
- Du evner å byggje gode relasjonar med andre menneske
Vi tilbyr
- Løn etter tariff.
- Eit kjekt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Ulike nettkurs før oppstart.
- Moglegheit for vidare arbeidsavtale etter ferieavviklinga.
- Sjukepleiar/ vernepleiar/miljøterapeut som jobbar samanhengande 6 veker i minst 80% stilling, får ein
bonus på 10000 kr. Ønskjer du denne avtalen, opplys om det i søknaden. Opplæringa kjem utanom perioden, veke 26-33. - Andre sommervikarar får 5000 kr i bonus for kvar veke dei jobbar utover 4 veker, med krav om minst 80 % stilling i heile avtaleperioden. Opplys om det i søknaden dersom du ønskjer denne avtalen.
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.noSusanne Snipsøyr, Avdelingsleder Haram bustader 1, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Bjørn-Tore Lorgen, Avdelingsleder Haram bustader 2, 90135211, Bjorn.Tore.Lorgen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata 196270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4922570673
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Søknadsfrist: 18.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2868912
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cfaf3453f3da4706b8255320262deef4