Barne- og ungdomsarbeidar
Vindafjord kommune Vats barnehage
Blikravegen 48, 5576 Øvre Vats
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Barne- og ungdomsarbeidar eller assistent i 100% vikariat fram til 13/08-24
Hovudarbeidsoppgåver:• Gi omsorg og tryggleik
• Delta i leik og aktivitetar
• Rettleie barna til å løyse konfliktar sjølve og setje eigne grenser
• Oppmuntre barna til å være sjølvstendige og vise omsorg for kvarandre
• Setje deg inn i rutinane til barnehagen
• Vere i kontakt med føresette
Kvalifikasjonar:Fagarbeidar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Om ikkje det er kvalifiserte søkjarar med relevant fagbrev, kan søkjarar med anna kompetanse og/eller erfaring verte vurderte.
Personlege eigenskapar:
• Du likar å jobbe med menneske og er flink til å omgåast andre.
• Du har stå-på-vilje, positive haldningar og godt humør.
• Du er initiativrik og er ikkje redd for å spørje om hjelp eller by på deg sjølv.
• Du er ansvarsfull og byr på deg sjølv for å skape tillit.
• Du tek imot rettleiing og råd med ein positiv innstilling.
• Du er tolmodig, tydeleg og ansvarsbevisst.
• Du er ein god relasjonsbyggjar og har gode samarbeidsevner.
• Du har stor arbeidskapasitet.
• Du har fagleg og personleg styrke til å handtere uventa situasjonar.
• Være open for og ta imot pedagogisk rettleiing.
Me kan tilby:
• Variert arbeid i eit positivt miljø
• Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
• God opplæring og samarbeid med andre
• Rabatt på treningssenter
• Bedriftskunstlag
• Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Om Vats barnehage:Vats barnehage er en kommunal barnehage, ligg i øvre Vats. Vi er avdelingsbarnehage med tre avdelingar med 35 barn. Vi har flotte uteområde. Vi har kort vei til sjø, fjell og vatn.
Lønsvilkår:Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2442205
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3234489_229333_nn