Hopp til innhold

LÆRARJOBB I VAKRE OMGIVELSAR PÅ FJELLET!

Arbeidsgiver

Hovden i Setesdal, Bykle kommune

Sted

Skulevegen 41, 4755 Hovden i Setesdal

Om jobben

Stillingstittel
Lærarjobb i fjellheimen
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. april

 

Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal og er ein 1.–7.-skule med om lag 40 elevar. Bykle kommune har gode skular og søkjer no ein lærar som vil bidra til at vi blir endå betre.
Skulen har moderne fasilitetar og svært god tilgang på analoge og digitale verktøy for både lærarar og elevar. Uteområda gir gode høve til praktisk læring, og klassestorleiken gjer det mogleg å nytte varierte undervisningsformer. Heile skulen har ein fast uteskuledag kvar veke, noko som gir rom for kreativ og naturbasert undervisning.
Vi legg stor vekt på skuleutvikling og eit trygt og inkluderande læringsmiljø, og vi ønskjer at læraren vår engasjerer seg aktivt i dette arbeidet. Lærardekninga er god, og du vil bli ein del av eit kompetent og engasjert kollegium.

Det er 1 ledig lærarstilling i 100%.  

Arbeidsoppgaver

  • Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i samsvar med læreplanverket.
  • Tilretteleggje for varierte og praktiske læringsformar, inkludert ein fast uteskuledag kvar veke for heile skulen.
  • Skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø som fremjar trivsel og læring.
  • Følgje opp elevar fagleg og sosialt, i samarbeid med føresette og kollegaer.
  • Bidra aktivt til skolens arbeid med tilpassa opplæring
  • Bidra aktivt til skolens arbeid med individuelt tilrettelagt opplæring (ITO)
  • Delta aktivt i skuleutvikling og profesjonsfellesskap.
  • Bidra til godt samarbeid i kollegiet og med andre faggruppar.
  • Vere med på planlegging og gjennomføring av aktivitetar og arrangement for skulen.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.–7. trinn.
  • Vidareutdanning og erfaring i/med spesialpedagogikk kan vere eit fortrinn.
  • Erfaring med klasseleiing og tilpassa opplæring.
  • Interesse for praktiske læringsformar og ute undervisning.
  • Evne til samarbeid med elevar, føresette, kollegaer og andre instansar.
  • Gode samarbeidsevnar og ein positiv innstilling som bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Evne til tydeleg og inkluderande kommunikasjon
  • God relasjonskompetanse
  • Engasjement for skuleutvikling og profesjonsfellesskap.
  •  

    Personleg eigenskap blir vektlagt i vurderinga av søkjarar.

Personleg eigenskapar

  • Gode faglege og pedagogiske ferdigheiter.
  • Evne til å skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
  • Interesse for uteundervisning og praktiske læringsformar.
  • Evne til samarbeid og kommunikasjon med kollegaer, elevar og føresette.
  • Engasjement for skuleutvikling og profesjonsfellesskap.
  • Fleksibilitet, initiativ og god struktur

Vi tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Ein skule med moderne fasilitetar og gode digitale verktøy.
  • Varierte undervisningsformer, inkludert ein fast uteskuledag kvar veke for heile skulen.
  • Moglegheit til fagleg utvikling og deltaking i profesjonsfellesskap.
  • Nærleik til flott natur og gode fritidstilbod på Hovden.
  • Konkurransedyktige lønsvilkår etter gjeldande avtalar.
  • Løn etter kompetanse + eit rekrutteringstillegg på 40 000,- pr år
  • Bykle kommune er ein distriktskommune, og frå 2026 får ein etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i eit år avskriving på studielån på 25 000,- pr år
  • Oppfølging av mentor for nyutdanna
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar.
  • Hjelp til å finne bustad dersom det er behov.
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand


Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.

Kontaktinformasjon

Kjetil Vik, Kommunalsjef, 97700567

Arbeidssted

Skulevegen 41
4755 Hovden i Setesdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 5098730806
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 14.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Kjetil Vik

Kommunalsjef

97700567

Om bedriften

Bykle kommune som arbeidsgjevar:

  • Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar 
  • Vi er ca. 190 tilsette
  • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle:

  • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
  • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
  • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
  • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
  • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
  • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

Avstandar:

  • Bykle - Kristiansand er 18 mil
  • Bykle - Oslo er 29 mil
  • Bykle - Stavanger er 33 mil
  • Bykle - Bergen er 35 mil

 

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. 
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79d6ab3c-f64e-43f8-b709-2acf1ede9761

Sist endret

24. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

948b626ffe1549078360880755064315

Lignende annonser

Laster lignende annonser